Kinesiske kristne under sterkt press
I dette programmet har Olaug Lillan Bjørke fått med seg Helge Åkernes som gjest i studio. Dei har fokus på Kina, månadens land i Åpne Dører. «Husk at for hver beretning om utfrielse finnes ti beretninger om utholdenhet!» Dette sitatet er henta frå boka «Hold fast», og det kjem frå ein kinesisk kristen. Mange av dei truande i Kina har halde ut store lidingar for Jesu skuld. Ei av desse får du møte i dagens program; Mabel. La deg inspirere av hennar sterke historie. Mabel heldt ut, og fekk oppleve Guds utfriing. I andre halvdel av programmet deler Helge Åkernes nokre tankar frå Guds ord om det å halde ut, og du får høyre Søndagskolen Norge synge «Ditt ord er en lykt for min fot». Vil du lese og lære meir om Kina, så ta gjerne kontakt med ÅD for å få månadens blad gratis tilsendt. Boka «En million mirakler» anbefalast også på det varmaste. Den handlar om sommarkvelden i 1981 då Åpne Dører bringa ein million biblar inn til Kina. Ei fantastisk historie verdt å få med seg.
