Leiarskifte og økonomiske utfordringar ved Daggry barnehage

Daggry barnehage er ein av dei største barnehagane i Giske, og har fyllt opp med born. Dei er ein av åtte barnehagar i kommuna, men den einaste som driv på eit kristent verdigrunnlag på Valderøya. Barnehagen har økonomiske utfordringar, og ei av løysingane er at kommunen kjøper barnehagen. Då vil ikkje barnehagen halde fram med verdigrunnlaget den har i dag.

Dagleg leiar ved barnehagen, Kari-Lise Ose Nordstrand, har leia barnehagen i 26 år og vore tilsett i 39 år. Til sommaren går ho av som leiar og ser tilbake på ei god tid i barnehagen. Ho fortel i intervjuet at med fleire frivillege til dugnadshjelp kunne det hjulpe på kostnadane dei har i dag, og med det halde fram med ein kristen barnehage i kommunen-

Høyr heile intervjuet med dagleg leiar for Daggry barnehage, Kari-Lise Ose Nordstrand.

Forrige
Forrige

Nashville kommer til Sunnmøre

Neste
Neste

Eit stort arbeid med mange frivillege