ImF trussamfunn kan miste sin godkjenning
Statsforvalteren i Agder har vedteke å trekke tilbake godkjenninga til ImF Trussamfunn som trussamfunn. - Vi vart overraska, fortel Jarle Haugland, generalsekretær i Indremisjonsforbundet.
Bedehuskanalen klar for sending frå Ålesund
Bedehuskanalen er klar med direktesendingar frå Ålesund og starter første sending onsdag 2. september. I sommar har lokaler på Spjelkavik bedehus vorte bygd om og klargjort for den fyrste direktesendinga.
Bibelbølge på tvers av generasjonar
Andreas Bakke skal saman med sju ungdomar frå ulike stadar i landet lese Det Nye Testamentet saman i haust, og reflektere og samtale via messenger gjennom lesinga. Dei er med på bibelbølgen, ein nettstad der ein kan følge andre som gjer det same.
60 + leir på Frænabu
I helga er det 60 + leir på Frænabu, og målet er å skape eit samhald mellom alle som bur på leirstaden, et måltid saman og har det sosialt i lag. Det er mykje spanande på programmet av både aktivitetar og songkrefter.
Du er i mi framtid
Med fullt program og ei stå på vilje trudde aldri Anne Birgitte Lillebø Bøe at ho skulle møte den berømte veggen, ho fekk ein utmattelse som gjorde at ho ikkje klarte meir. Då det fyrst skjedde fekk ho nokre dagar på ei hytte for å vere heilt aleine. Og det resulterte i songen Du er i mi framtid.
Søndagens tekst 16. august
I Søndagens tekst for 16. august handlar det om at ikkje skal bekymre seg for morgondagen. Teksta er henta i frå Matteus 6, 24-34. Høyr praten med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti. Teksta er lest av Randi Fagerhol Lauvås.
Gi stafettpinnen vidare
Å gi stafettpinnen vidare står i fokus når Marit Stokken Berland no ser fram til ei ny møteveke på Ellingsøy bedehus. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.
Fire veker med bibelkurs
I haust blir det fire veker med bibelkurs i regi av Imf Sunnmøre. Lars Petter Ødegaard håpar at ein besøker eit bedehus i nærområdet der desse kursa skal vere.
60 + leir på Brusdalsheimen
På sikker grunn er temaet for årets 60 + leir på Brusdalsheimen. Det blir bibeltimar, mat og busstur på programmet. Leiren startar mandag 24. august.
Ein trusvitamin for kvar dag
På Radio Sunnmøre får ein til tider ein trusvitamin servert av Svein Anton Hansen. Han er pastor i Sandnes og i tillegg radiopastor i Norea. Han har lest inn fleire hundre trusvitaminer som vi sender på radioen, og i tillegg er 365 av dei satt inn i ei andaktsbok. Der kan ein lese ei andakt kvar dag gjennom heile året.
Ny tilsett i Radio Sunnmøre i 100 %
Frå 1. oktober starter Mirjam Ulstein (36) i Radio Sunnmøre som journalist i 100 %. Ho er utdanna politi, og har sidan 2020 arbeidd som operativ førebyggar og politikontakt i Møre og Romsdal politidistrikt i Ålesund. Ulstein har også vore redaktør i kvinnemagasinet JK, og hatt eit eige frilansselskap der ho har jobba blant anna for ByMagasinet.
Arven etter Adam begeistrer
Arven etter Adam er ein animasjonsserie som er Norea Mediemisjon sitt nyaste misjonsprosjekt. Animasjonsserien er spelt inn i Afrika, og er meint å formidle evangeliet på fleire språk rundt om i verda. -Folk blir begeistra, fortel Harald Endresen.
Fullt hus på Fangekasa bibelcamp
-For oss er det som å kome til grøne enger og kvilens vatn, seier Silje Knardal Johansen om å feriere på Fangekasa bibelcamp i Indre Østfold. I fire veker i løpet av sommaren landar dei på Fangekasa og i tillegg til ferie bidreg dei med dugnad på bibelcampen.
Ser tilbake på over 40 år i misjonen
Etter over 40 år i misjonen går Hilde Giske Lukkedal av som pensjonist. Høyr heile intervjuet med alt ho har engasjert seg i.
Frå Tusvik til Kristiansand
Stine Regina Tusvik (26) er uflytta sunnmøring, frå Tusvika til Kristiansand. Ho starta sin musikkreise i Ungdomskoret Respons, og vegen vidare gjekk til musikkutdanning i Kristiansand. Høyr heile praten med Stine Regina Tusvik.
Haustens planar for Aalesund gospelkor
Til hausten er allereie planane lagt for Aalesund gospelkor. Det er konsertar, gospelchurch og ein gospelkonsert i samarbeid med Voxing. Høyr intervjuet med dirigent Vidar Åsebø.
Utflytta krinsleiar
I 2025 slutta Johan Halsne som krinsleiar i ImF Sunnmøre, og då reiste han til Rogaland og starta som krinsleiar der. I tillegg til å vere krinsleiar er han no tilsett på garden til sin eigen son. Vi har tatt ein prat for å høyre om korleis det går idag.
Ekteparet Møgster heime på ferie
Ekteparet Møgster er heime på ferie frå arbeidet dei til vanleg har i Elfenbenkysten. Vi får høyre litt om den politiske situasjonen, sikkerheita, og arbeidet dei held på med. På papiret har dei fullt språkstudie, og i tillegg er dei engasjert i den lokale kyrkja. Høyr heile praten med Kjell Magne Møgster.
Inn i pensjonistenes rekker
Under årsmøtehelga til IMF Sunnmøre vart Anbjørg Bårnes takka av som dagleg leiar på Orreneset Misjonssenter gjennom 23 år. No går ho inn i pensjonistenes rekker.
Hausten er det høgtrykk for Plussreiser
Sommaren står for tur og mange har allereie planlagt ferien. For Plussreiser er det hausten som har det største reisetrykket, og vi har tatt ein prat med Kurt Andre Henriksen for å høyre litt om kva dei har på programmet.
