Med Radio Sunnmøre på øyret

Olaug Lillian Bjørke er ein trufast radiolyttar og nyttar podkasten til Radio Sunnmøre ofte når ho er ute og går tur.

Då ho var ei lita jente huskar ho då dei var på besøk på Vigra og fekk høyre MInitreff med Hilde GIske Lukkedal på Radio Sentrum. Ho var ikkje vand med at ein kunne synge songar om Jesus på radioen på den tida, for den gongen nådde ikkje Radio Sentrum til Gjersvika på Søre-Sunnmøre.

I dag sender Radio Sunnmøre (tidlegare Radio Sentrum) på FM, DAB, web, via appen Radioplayer, i tillegg til å vere på podkast/Spotify.

Forrige
Forrige

Stengt grense til Israel får konsekvensar for Plussreiser

Neste
Neste

Kvar time vert ei kristen kvinne valdteken