Stengt grense til Israel får konsekvensar for Plussreiser

Måndag kveld vart Israel sine grenser stengt for alle som ynskjer å reise inn i landet dei neste fjorten dagane, noko som får store konsekvensar for reiseselskapet Plussreiser.

Fire store påmeldingsturar og nokre bestillingsturar, som utgjer nokre hundre reisande, blir berørt av dette no i fyrste omgong.

-Folk har ei forståing for situasjonen, og det verkar ikkje som om reiselysta blir lamma på grunn av at dette skjer, fortel dagleg leiar Aud Kindervåg Halsne.

- Nokre av dei som skulle reist i dag var heilt klare for å reise til hausten i staden, dersom det blir mogleg, fortel Kindervåg Halsne.

I tillegg har fylkeskommunen Møre & Romsdal bestemt at ingen på vidaregåande skular får lov til å reise ut av landet på skuletur ut dette skuleåret.

Oberammergau

Turane til Oberammergau, samt andre turar som skal gå frå mai og utover året, så har koronaviruset ikkje skapt konsekvensar for desse reisene ennå.

-Eg kan berolige dykk med at dersom det er noko som rammar den pakkereisa dykk har bestillt, så er det til dykkar fordel å ikkje melde dykk av å tape pengar, men sitte stille i båten og vente på tilbakemelding frå oss. For kan vi ikkje gjennomføre turen får dykk pengane tilbake, seier dagleg leiar Halsne.

Plussreiser anbefalar dei som ynskjer å ta kontakt å nytte epost, sidan telefonnettet for tida er ganske sprengt.

Forrige
Forrige

Møteaksjon held fram i tredje veke

Neste
Neste

Med Radio Sunnmøre på øyret