Ny CD med kjente og kjære salmar
-Ein salme er ein kristen song som står seg over tid, med eit innhald som er tydeleg kristent, seier Tore Hjalmar Sævik når han skal prøve å beskrive kva han tenker ein salme er. Han har saman med Katrine Skjold spelt inn ei plate med kjente og kjære salmar, og som er gitt ut på P7 Kristen Riksradio. Overskotet av prosjektet går til P7 sitt prosjekt i Venezuela.
