To julekonsertar på Emblem bedehus
No har du moglegheit til å få med deg ein flott julekonsert før jula kjem. Søndag 20. desember vert det to konsertar på Emblem bedehus, kl. 1100 og kl. 1400. Ståle Heggseth med team lover julestemning og ein fin inngang til julefeiringa. Konsertane er gratis, men på grunn av smittevernstiltaka som gjeld kan det ikkje åpnast for fleire enn 50 på kvar konsert. Du kan melde deg på via Emblem bedehus sine Facebook-sider, eller på www.emblembedehus.no Det er også mogleg å melde seg på med å ringe 98644425.
