Trudde Gud var for dei mindre intelligente

Då Andreas Arhaug (21), frå Spjelkavika, skulle starte på ungdomsskulen endra livet seg totalt. Han kom inn i eit miljø som gjorde livet tøffare for Andreas, og som ikkje alltid var synleg på utsida. For seks månader sidan kom ein av kameratane. som Andreas respekterte sterkt, og fortalte at han trudde på Gud. - Eg trudde at Gud var for dei mindre intelligente, fortel Arhaug.

Etter fleire samtalar med kameraten var det noko som endra seg i Arhaug og han starta å be. Dette skulle igjen endre livet til Andreas Arhaug som idag er ein kristen og har slutta med det han tidlegare var avhengig av.

Høyr den sterke historia til Andreas Arhaug på Radio Sunnmøre.

Forrige
Forrige

Kunstustilling på Ellingsøy bedehus

Neste
Neste

Det er ei sjølvfølge å eige trua på Jesus