Førebuing av julemarknad på Borgund vgs
Torsdag ettermiddag er det julemarknad på Borgund vidaregåande skule og Radio Sunnmøre tok turen for å kjenne på stemninga under førebuinga. Til julemarknaden har alle linjene stand med ulike produkt og tenester ein kan få handla før jul.
Adventstid
I vekas Kvardagsprat tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Forrige veke var ho og Jarle i Ulsteinvik og haldt møter, og vi får høyre om då ho var der for fyrste gong saman med Irene.
Julenatt for 17. gong i Pinsekirka
I år igjen er det klart for oppsetninga Julenatt i Pinsekirka Moa. Det er den 17. gongen at barn og vaksne har øvd i fleire veker for å sette opp julespelet over to dagar 13. og 14. desember.
Ålesund gatefotball - livstrening i verdsklasse
Ålesund gatefotball er til for å gje eit tilbod på kveldane for dei som har hatt litt utfordringar. Det er eit ettervernsarbeid som skal hjelpe til med ein ny start for dei som treng det.
Heime etter tur til Libanon
Eit spananande pavebesøk stod på trappene i Libanon, då Geir Sakseid fekk besøke landet for fyrste gong. Urolegheiter i Midtausten og spenningar mellom kulturelle og religiøse grenser får vi høyre om i månadene intervju med Sakseid.
Løvenes konge på Ålesund folkehøgskule
Onsdag 3. desember er det duka for årets musikaloppsetting på Ålesund folkehøgskule. Årets musikal er Løvenes konge, og Lukas Ekornes og Maria Elgsæther skal så på scena unde årets framsyning.
Det å kjenne eit kall for noko
I Ord til ettertanke denne veka delar Odd Christian Stenerud om det å ha tru for noko og det å kjenne på eit kall for noko, og Stenerud delar eksemplar frå sitt eige liv der han har fått kjenne på dette i ulike situasjonar.
Frivillig i Ljøbrekkas vener
Då Petter Hjørungdal var engasjert i Stranda sogelag vart han interessert i den Tronhjemske postvegen og etterkvart stifta han Ljøbrekkas vener. Høyr heile historia på Radio Sunnmøre.
Utflytta sunnmøring i Tromsø
I Tromsø møtte Helge Åkerens på ein utflytta sunnmøring i gong med lefsebaking. Peter Starheimsæter går på Fjellheim bibelskule i Tromsø, og midt i lefsebakinga fekk Åkerens ein prat med han.
Til Etiopia frå Ørsta med Kirkens Nødhjelp
I oktober reiste Kirsten Ose og Arne Moltubak, frå soknerådet i Ørsta, til Etiopia på tur med Kirkens Nødhjelp. Målet med turen var å hente inn opplevingar og å få erfare kor langt hjelpa til Kirkens Nødhjelp rekk i landet.
Direkte frå Stedets julemarknad
Tysdag var det julemarknad på Stedet i Spjelkavika, og Helge Åkernes tok turen innom for å få ei direkteoppdateringer på kva som rørte seg av både samsvarer og kundar.
Søndagens tekst 30. november
Det er 1. søndag i advent og i søndagens tekst handlar det om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel. Teksta er henta i frå Matteus 21, 1-11.
Julemesse på Stedet idag
I dag, tysdag, arrangerer Sysselverket julemesse på Stedet. Anita Askevold er frivilleg på Stedet og fortel om aktivitetane Sysselverket gjer.
Vidare med Jesus
Julegata på Alnes skal tennast til helga og Irene Krokeide Alnes gler seg over å få gå vidare med Jesus. Høyr vekas kvardagsprat på Radio Sunnmøre.
Emblemskoret for dei midt i livet
I vår starta Emblemskoret opp på Emblem bedehus. Ideen om koret vart til under ei bibelgruppe og då starta ballen med å engasjere folk med å starta. Det var over hundre personer som møtte på fyrste øving i vår og var nysgjerrig på kva dette var. No er det rundt femti stykker som er med kvar gong på øving.
Skattkammeret er for alle
Kirkens bymisjon eig Skattkammeret i Spjelkavik som er eit verkeleg skattkammer for alle som er aktive året gjennom. Det er utstyr for alle typar aktivitetar ein kan låne heilt gratis. Det er som ein utlånssentral, som eit bibliotek, med alt frå skiutstyr til hagespel.
Tek kvardagen tilbake i Jerusalem
I eit nytt intervju med Te`ena Ben-Haim fortel ho at Israel no jobbar med å ta kvardagen tilbake. Det er få som vil tilbake dit ein var før 7. oktober for to år sidan, men at ein no jobbar framover og ynskjer å bli eit mindre polarisert samfunn enn tidlegare.
Tonar frå det høge
Fredag skal det i Spjelkavik kyrkje vere orgelkonsert med organist Magnus Kløften. Tonar frå det høge er tittelen på arrangementet og presenterer orgelet som soloinstrument.
Jesus sine likningar
Lars Petter Ødegård, ny krinsleiar i ImF Sunnmøre frå 1. januar 2026, har Ord til etteratanke på Radio Sunnmøre denne veka. Andaktene og intervjuet er ei reprise frå tidlegare i år, men bodskapen i andaktene er like relevant no. Vi får i intervjuet høyre litt om arbeidet han har gjort i Misjonssalen i Kristiansund som pastor og oppbygginga av den.I Ord til ettertanke denne veka delar Ødegård fem av Jesu sine likningar som fasinerer han sjølv.
Opplevast godt og meiningsfullt
-Det gir meg ein kvalitetsdag å delta i dette arbeidet. Vi er født til fellesskap og ikkje til å sitte på kvart vårt nes. Så det å kunne bidra til noko i samfunnet, som har betydning for andre, det opplevast som godt og meinigsfullt, seier Terje Vik, om det frivillege arbeidet han gjer på Langevåg bedehus.
