Søndagens tekst 8. mars
I Søndagens tekst for 8. mars handlar teksta om Jesu makt over onde ånder. Teksta er henta frå Lukas 11, 14-28 og i ein samtale med prost Karl Johan Bjørge samtalar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund om kva søndagens tekst handlar om.
Frå Solevåg til Klepp i Rogaland
I 25 år har Jon Einar Sunde budd på Klepp i Rogaland. Han er opprinneleg frå Solevåg, og som han fortel i intervjuet Utflytta Sunnmøring, så har oppveksten på Sunnmøre gått i speider, bedehus og i fjellet.
Verdas lys og håp
Denne veka er det Irene Krokeide Alnes som er gjest i Kvardagspraten. I eit ord for veka delar ho om at Jesus er verdas lys og håp. Det er krig i Midtausten medan vi på Sunnmøre har rolege dagar med gode møteveker og flotte turdagar. Kontrastar i verda, men med håp i trua.
KrF er kritiske til Bufdirs nye veileder om kjønnsmangfald
-Du oppfordrast til eit språk der biologisk kjønn ikkje blir tatt hensyn til i det heile tatt, seier Kjerstin Lianes Kjøndal til Radio Sunnmøre. Ho er 1. vara til KrF sin 2. nestleiar og er ein av dei som har gått kraftig ut med kritikk av Bufdir sin nye veileder for offentlege tilsette i møte med kjønnsmangfald.
Tilbake på gamle tomter i Kenya
Nyleg var Robert Tjomlid tilbake på gamle tomter i Kenya, saman med mamma. I eit intervju med Tjomlid får vi høyre då han frå han direkte frå Kenya, der han delar nokre glimt om korleis det er å vere tilbake der han vaks opp som barn.
"Verda treng oss" ei innsamling til kreftforeninga
Tvillingbrørne Åge Grimstad og Magne Grimstad er i full gong med ny forestilling og innsamling til Kreftforeninga. Gjennom forestillinga Verda treng oss skal dei reise rundt og inspirere folk til at verda treng deg og det er ei meining for deg.
På formiddagstreff i Ørsta frikyrkje
Torsdag var Radio Sunnmøre på besøk i Ørsta frikyrkje, der det var tverrkyrkjeleg formiddagstreff. Radio Sunnmøre var på besøk og fekk ein prat med Roar Velle og Halldis Sæthre.
Frå Jerusalem til Sunnmøre
I 40 år har Elisabeth Levy budd i Jerusalem og arbeidd blandt messianske jødar. Til helga kjem ho til Sunnmøre og skal ha nokre temasamlingar på Blindheim bedehus og Emblem bedehus. Høyr intervjuet med Elisabeth Levy på Radio Sunnmøre.
Det som står seg
Denne veka er det Steffen Stensland, regionleiar i Misjonssambandet Nordvest, som held Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han har tatt utgongspunkt i å stå, å reise seg og det som står seg i dei ulike andaktene..
Temakveld i Spjelkavik kyrkje
Torsdag kveld er det temakveld i Spjelkavik kyrkje med Sjur Isaksen, stortingsprest og sokneprest i Uranienborg, om etterkrigstida sitt rettsoppgjer, sett frå dei utstøytte familiane sitt perspektiv.
Søndagens tekst 1. mars
I Søndagens tekst for 1. mars er det Matteus 15, 21-28 som står i fokus. Temaet er den kanaaneiske kvinna. Vi tek ein prat med prost Karl Johan Bjørge om innhaldet i søndagens tekst.
OL og fastetid
Eit OL ligg bak oss med fleire minnerike augeblikk og Marit Stokken Berland delar mange av tankane ho har fått rundt minnerike augeblikk idrettspresentasjonane har gitt nordmenn. Vi tek også ein prat om fastetida vi no er inne i.
Fått plass på KrFUs eksklusive leiarkurs
Tre gutar frå Møre og Romsdal har fått plass på KrFUs prestisjefylte leiarkurs som regnast som organisasjonens toppskoleringsprogram. Daniel Lothe (17) frå Ellingsøya er ein av dei som har fått plass og gler seg til kurset.
Klart for årets fyrste minileir
Til helga er det klart for fyrste minileir på Brusdalsheimen. Vi har tatt ein prat med Hilde Giske Lukkedal om årets fyrste minileirar.
Frå Sunnmøre til Folketeateret
I serien Utflytta Sunnmøring har vi tatt kontakt med Birgitte Grytten Velsvik. Ho vaks opp på Hatleholen i Ålesund og starta si songkarriere i Ungdomskoret Respons på Emblem. I dag jobbar ho på Folketeateret i Oslo.
Nyoppussa forsamligslokale søker pastor
Ørsta og Volda misjonsforsamling hadde i starten av september opning av nyoppussa forsamlingslokale. No søker dei også etter pastor.
Kvinnehelg på Orreneset i april
Den 10. - 12. april blir det kvinnehelg på Orreneset. Gleda i kvardagskallet er tema for helga, og det blir god mat, humor og "Spikers kårner". Radio Sunnmøre har tatt ein prat med to tidlegare deltakarar, Margrethe Bjørkavåg Bakke og Ingrid Rødset, som begge snakkar varmt om helga og ynskjer med seg fleire i alle aldre.
Lokal helt i The Voice på TV2
Fredag 20. februar er det Birgitte Velsvik frå Ålesund som delta i The Voice på TV2. Ho har hatt sin musikalske oppvekst i ungdomskoret Respons, både som solist og som dirigent, og i sin tid hadde ho også med i tv-programmet Kjempesjansen på NRK.
Fem verb i vårt gudsforhold
I ord til ettertanke denne veka deler Oddrun Malum Bjørdal fem verb som er sentrale i vårt gudsforhold. Å komme, å vere, å sjå , å lytte og å gå. Høyr heile intervjuet med Bjørdal om tanken bak vekas ord til ettertanke.
Søndagens tekst 22. februar
I Søndagens tekst for 22. februar handlar det om teksta i Matteus 4, 1-11. Teksta handlar om då Jesus vart freista. I ein samtale med prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund ser vi på kva teksta handlar om.
