Rapport frå kara-kveld på Vigra
Armhevingar, papptallerkenar og kjøpekake stod på programmet då Vigra inviterte til kara-kveld med Einar Helgaas i Mannspodden. Vi har tatt ein prat med Edd Bjørke som var til stades.
Det sentrale i påska
Påska sin bodskap er sentral i vekas ord til ettertanke. Andreas Bakke deler sine tankar rundt påska sitt innhald, bibelverset Johannes 3,16 og mot slutten av veka tek han oss med inn i Salme 1.
Formiddagstreff i Misjonssalen
Ein gong i månaden møtast pensjonistar på føremiddagstreff i Misjonssalen i Myrabakken. Eit sosialt treffpunkt med mat, song, prat og utloddning. Denne gongen fekk Radio Sunnmøre kome på besøk å fortelje om radioarbeidet.
Søndagens tekst 26. april
Søndagens tekst er henta i frå Johannes 16, 16-22. Den handlar om då Jesus fortel læresveinane at han skal forlate dei, og at sorga kjem til å bli til glede.
Tapas og tru på Valderøya
Tapas og tru er ein møtestad for kvinner mellom 25-50 år, der ein kan prate saman og ete god mat. Ein møtestad for kvinner der ein slepp å springe etter borna. Høyr praten med Elisabeth Mulelid Nordstrand.
Delar ut Det nye testamentet utanfor skular
- At behovet er der og at Gideon har ei veldig viktig rolle i å fylle det behovet, det blir eg meir og meir overbevist om, seier generalsekretær i Gideon, Levi Jul Halvorsen til Radio Sunnmøre.
Kvardagspraten med Irene
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Irene Krokeide Alnes fortelle om heimkomsten til son, svigerdotter og barnebarn frå Papa Ny-Guinea. Vi får også høyre frå møtehelga på Godøy bedehus og litt om planane framover.
Dugnadsdag på Brusdalsheimen
Tysdag 28. april blir det dugnadsdag på Brusdalsheimen. Det er i stund sidan det forrige gong var ein organisert dugnadsdag, så då er det på tide med ein ny slik dag. Dagen startar kl. 13 og varer til kl. 19, og det blir middag på dugnadsfolket. Både ute og inne skal det arbeidast, og det oppfordrast til å ta med hagereiskap og anna utereiskap.
Karakveld med Mannspodden på Vigra
Tysdag kveld blir det karakveld på Vigra bedehus med Einar Helgaas i Mannspodden. Jakten på mannsidentiteten er tema denne kvelden.
Strålande kvinneweekend på Orreneset
Forrige helg var det kvinneweekend på Orreneset med omlag 50 damer innom i løpet av helga. Det var strålande ver og god stemning heile helga.Annbjørg Bårnes gir oss ein rapport frå helga.
HEktisk turneliv med NSP Aid
Per Gunnar Hamnøy og Anders Myrene i NSP Aid har den siste månaden hatt eit hektisk turneliv rundt om i landet og på Sunnmøre. Dei har hatt besøk i frå Afrika og i tillegg er det bokslepp på gong.
Brukt & Nyttig til nye lokaler
Brukt & Nyttig på Valderøya skal i sommar flytte til nye lokaler. Dei skal ta over lokala til den gamle fargehandlaren på Valderøya. Då får ein samla alt av møbler og resten av butikken på eit areal.
Øystein "Pølsa" Pettersen til Sykkylven kyrkje
Onsdag 15. april inviterer Sykkylven kykrkje til ein temakveld om å inkludere alle og med tittelen Små grep - store utslag. Dei har invitert Øystein "Pølsa" Pettersen, frå tv-programmet Team Pølsa på NRK, til denne kvelden.
Søndagens tekst 19. april
Søndagens tekst er henta frå Johannes 10, 11-18 og handlar om den gode gjetaren. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva denne teksta eigentleg handlar om.
Ein medvandrar på trusvegen
I Kvardagspraten tek vi ein prat med Marit Stokken Berland som er på veg til Askøy til ei møtehelg. Vi tek ein prat om det å vere ein medvandrar for dei som jobbar med trua si og kva det betyr å gå med nokon på den vegen. Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Gode søkartal til Sjøholt folkehøgskule
Det er gode søkartal til Sjøholt folkehøgskule for skuleåret 2026/2027. Rektor Lars Johan Klokk fortel at ein har over 50 % auke på antal søkarar, og i tillegg auke på ungdom som allereie har takka ja til plassen.
Fullt hus på Gla Sang på Fiskerstrand bedehus
Det var fullt hus på Fiskerstrand bedehus fredag 10. april. Det var Valderøykvartetten som song og Radio Sunnmøre ved Ragnhild Kristine Vartdal Espelund delte eit ord for kvelden. God mat og god stemning, og praten gjekk.
Over 600 personar på påskemøter
I påska arrangerte ImF Sunnmøre påskemøter rundt om på Sunnmøre. Administrasjonsleiar i ImF Sunnmøre, Arild Ove Halås, fortel til Radio Sunnmøre at det var over 600 menneske som besøkte møta totalt.
Mitt liv med Jesus
Denne veka er det Geir Henning Tunheim som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han delar fem ulike andakter om sitt liv med Jesus. Vi tek også ein prat om livet som pastor i Misjonssalen Ålesund.
Søndagens tekst 12. april
Søndagens tekst er henta frå Johannes 21,1–14, og handlar om då Jesus viste seg for disipplane ved Tiberiassjøen. Jesus ber disipplane kaste garnet på andre sida av båten, og igjen delar Jesus brød med disipplane etter oppstandelsen.
