Siste nytt frå Misjonssambandet Nordvest
Ledige stillingar og regionsamling i slutten av mai er noko av det som står på agendaen for regionleiar i Misjonssambandet Nordvest, Steffen Stensland. Han har vore i studio for å dele siste nytt.
Bokturne med far og son Hamnøy
I desse dagar er Gunnar og Per Gunnar Hamnøy, far og son, på bokturne rundt om i landet. Det har dei siste vekene vore på Sunnmøre, og boka blir godt motteken.
Sterke inntrykk frå Kambodsja
Denne veka er det Benjamin Oscar-Andersen som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. I ord til ettertanke denne veka fortel han om ein tur han fekk vere med på til Kambodsja, og i andaktene delar han betraktningar og tankar rundt den turen.
Hektisk bunadskjør inn mot 17. mai
Heile året er det hektisk på brodering og montering av bunadar i Spjelkavika. Lena Lukasevica kjem frå Latvia og har halde på med bunader dei siste sju åra. No inn mot 17. mai er det eit ekstra bunadskjør.
Bønevandring med utdeling av Det Nye Testamentet i Molde
I Molde har Gideon bønevandring kvar mandag der dei også delar ut Det Nye Testamentet (NT). Dei siste to og eit halvt åra har dei delt ut nær 5000 NT i Molde. Høyr praten med Arnor Evensen på Radio Sunnmøre.
Søndagens tekst 10. mai
I søndagens tekst den 10. mai handlar det om liknelsen om enka og dommaren. Teksta er henta i frå Lukas 18, 1-8. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om kva søndagens tekst handlar om.
Nytt bibelskulekonsept på Bjorliheimen
Til hausten inviterer Bjorliheimen Fjellhotell til eit nytt bibelskulekonsept. I fleire år har Misjon Sarepta hatt konseptet i Spania, men no ynskjer dei å arrangere ein revidert bibelskule med base på Bjorli. Bibelskuleåret startar på Bjorli, men vil også halde til i Spania og turar til andre land i løpet av året.
Terapi for komande prestar er framand for Den Norske kyrkje
Den svenske kyrkjan har publisert ei liste over tiltak for å få alle komande prestar "med glede og av fri vilje" med på å vie personar av same kjønn. Nektar dei, kan dei bli avvist som prest. Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, henviser til preses Olav Fykse Tveit som seier at dette er framand for Den Norske kyrkje.
Hektisk start på mai
I Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes får vi denne veka høyre om ein hektisk start på vårmånaden mai. Bursdagsfeiring, møter og songtreff står på agendaen for Irene Krokeide Alnes.
Rapport frå Sunnmøre folkehøgskule
Det går mot slutten på skuleåret for Sunnmøre folkehøgskule, og opptaket for neste år er allereie i gong. Arnt Ole Grimstad, rektor ved skulen, fortel at dei i år er 115 elevar. Og til hausten har ein no fått 80 elevar som har takka ja. Grimstad håpar ein landar på årets elevar også til hausten.
Himmelfartstevne i Stryn kulturhus
Country og forkynning står på programmet når det inviterast til Kristi Himmelfartstevne i Stryn Kulturhus. Vi har tatt ein prat med Solbjørg Leite om det to dagar lange stevnet i Stryn.
Nytt pastorpar i pinsekirka på Moa
- Det å bli pastor handlar fyrst og fremst om Guds kall. Og det var som 16 åring eg opplevde å få pastorkall, og har fått lov å vandre i det sidan, fortel Fredrik Lingås om grunnen til at han no har sagt ja til å gå inn som pastor, saman med kona Kornelia, i Pinsekirka Moa til sommaren.
Kristi himmelfartstevne på Bjorliheimen
For fyrste gong arrangerer Misjon Sarepta stevne på Kristi himmelfartsdag på Bjorliheimen. Vi har tatt ein prat med Hans Bergane som fortel meir om programmet denne dagen.
Søndagens tekst 3. mai
I søndagens tekst for 3. mai går vi gjennom Johannes 15, 1-8. Teksta handlar om det sanne vintreet. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva som er meint med vintreet og det å bere frukt.
Natt til 1. mai gospel
Natt til 1. mai gospel blir arrangert på Blindheim bedehus. Det heile startar torsdag kveld 30. april med song av ungdomskoret Respons, apell av Miriam Mulelid og Helgeland folkehøgskule og KRUSSEN blir med.
Songar frå Kroningsbyen
Songar frå Kroningsbyen er ideen som endte med 700 songarar og eit husorkester på ei innspeling. Høyr praten med Dag Heggset om korleis dette vart til.
Nyfrelste skapte forventning
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Marit Stokken Berland fortelle frå dei siste vekene med møter på Askøy og i Hundeidvik. I sistnemnte bygd var det vitnemøte der to nyfrelste fortalde sine vitnesbyrd, og dette skapte forventning hos fleire som har nokon dei ber for.
Aprilrapport frå Japan
I april har vi tatt ein ny prat med Inger Valbø, misjonær for Misjonssambandet i Japan, for å høyre litt om arbeidet der. Ho arbeidar blant anna blant studentar med ei bibelstudiegruppe på engelsk. Høyr heile praten med Inger Valbø.
Første 17. mai feiring ved Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund
I år ynskjer foreldre ved Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund å arrangere 17. mai feiring ved skulen for fyrste gong. Christel Otterlei Bjerkeseth er ein av foreldra som har dradd dette i gong, og i ein prat med henne får vi høyre om planane for feiringa.
