Siste Nytt Siste Nytt

Spjelkavikas vener med nye tiltak

Spjelkavikas vener har stadig nye tiltak på gong, og no på vårparten er det grillplass på Myrlandshøgda som står for tur. På frivilleg basis arbeidar dei med å vedlikehalde turområdet i området, og lage til ulike arrangement som St.hans feiring for lokalmiljøet.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Søndagens tekst 31. mai

I Søndagens tekst handlar det om misjonsbefalinga, og teksta er henta i frå Matteus 28, 16-20. Vi tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i teksta.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Tilrettelagt tilbod i faresona

Det tilrettelagte tilbodet, Reis, bo og fritid, ved Ålesund folkehøgskule er i faresona. Det er 40 prosent av dei som søker NAV om støtte til tilrettelagte plassar på folkehøgskular som får avslag. Vi har tatt ein prat med rektor Sven Wågen Sæther ved Ålesund folkehøgskule.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Vidare med Jesus

Flotte dagar på austlandet og nokre tankar om kva pinsa betyr, får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje om i vekas Kvardagsprat. No går vegen vidare til Sogn med møtehelg saman med ektemannen Jarle Berland.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Ny leiar i Indremisjonssamskipnaden

Kjetil Fyllingen, gift med sunnmøringen Silje Fyllingen, er ny krinstleiar i Indremisjonssamskipnaden. Han har tidlegare vore tilsett i ImF Sunnmøre i Ung-avdelinga, og han har dei siste åra arbeidd i Tro & Medier. Vi har tatt ein prat med Kjetil Fyllingen om den nye jobben.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Ein jobb som gir glede

-Glede, det er det ordet Elisabeth Emblem vil sette som eit samleord på arbeidet ho har i NSP Aid. I vekas episode er det Per Gunnar Hamnøy som tek ein prat med kollega Elisabeth Emblem om arbeidet ho har hatt i organisasjonen i fleire år.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Søndagens tekst for pinsa

I pinsa er det ei tekst for kvar dag. Pinseafta er teksta henta i frå Johannes 7, 27-39, pinsedag frå Johannes 20, 19-23 og andre pinsedag frå Johannes 16, 5-11. Vi har tatt ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om dei ulike tekstane.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Ei innhaldsrik veke

Ei veke med mykje feiring har det vore for Irene Krokeide Alnes. I Kvardagspraten fortel ho om 70 års feiringa av ektemannen Leif-Steinar, om songkveld i Mysen og om fleire dagar på Sanger over grenser i Sverige. Og på sjølvaste nasjonaldagen fekk ho reise gjennom Noreg i bobil.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Formiddagskafe på Sykkylven bedehus

Annakvar veke opner formiddagskafeen på Sykkylven bedehus, og folk kan kome og gå slik det passar ein dei tre timane kafeen er open. Onsdag forrige veke fekk Radio Sunnmøre kome på besøk og dele om arbeidet. Vi tok ein prat med Arnfrid Tanstad og Johan Aurdal på kafeen.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Stemningsrapport frå 17. mai fest

Fleire bygder haldt lokale 17. mai festar og arrangement på nasjonaldagen. I Bedehuskirka Emblem var det tradisjonen tru fest på kvelden, og Helge Åkernes tok med seg mikrofonen og laga ein stemningsrapport frå nasjonaldagfesten.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Søndagens tekst 17. mai

Søndagens tekst 17. mai er henta i frå Johannes 15, 26-27. Teksta handlar om Talsmannen. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kven Talsmannen er og kva søndagens tekst handlar om.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Frå sår til styrke

Frå sår til styrke er namnet på Norea Mediemisjon sin nyaste podkast. Den vart lansert 1. mai og det er Elisabeth Lillebø Sæth som står bak idèen og leiinga av podkasten. Gjennom 14 episoder skal ho saman med fagpersoner hjelpe folk å leve gode og bærekraftige liv til tross for traumer, livssår og tap.

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Austlandet står for tur denne veka

Austlandet står for tur denne veka når Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes skal delta på både formiddagstreff og songkveld i Indre Østfold. Dei har begge god minner om bedehusfestivalar og mykje songglede i området. 

Les mer
Siste Nytt Siste Nytt

Ein engasjert kvamsøying

Kvamsøyingen Kari Ristesund har vore pensjonist nokre år, men er likevel svært aktiv på frivilleg basis. I ein liten prat med Helge Åkerens på Radio Sunnmøre fortel ho litt om det ho engasjerer seg i.

Les mer