Nyopning av Brukt & Nyttig i nye lokaler
Tysdag 9. juni var det nyopning av Brukt & Nyttig i nye lokaler på Valderøya. Det var stor glede og entusiasme over nyopninga, og nær hundre kundar møtte opp til opninga.
Misjonsløp for Misjonsalliansen og KRIk
Torsdag 4. juni var det misjonsløp på Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund. Det er foreløbig samla inn 162 000 kroner til Misjonsalliansen/KRIK og prosjektet "Idrett krysser grenser" i Brasil. Radio Sunnmøre var tilstades og fekk rapport direkte frå slitne løparar etter løpet.
Ynskjer å gjere Jesus relevant i dag
- Vi har ikkje aktivitetar for å ha aktivitetar, men for å gjere Jesus relevant i dag, fortel Christel Otterlei Bjerkeseth, trusopplærar i Haram. Ho starta i stillinga i august 2025.
Songglede på Hafslo bedehus
I Kvardagspraten denne veka høyrer vi Marit Stokken Berland fortelle frå møtehelga på Hafslo bedehus i Sogn. Songgleda står høgt i denne bygda, med heile to kor som deltok på møta.
Periodeutflytta sunnmøring til Finnmark
I serien utflytta sunnmøring har vi tatt ein prat med Jostein Molvær, frå Langevåg, som har blitt periodeutflytta sunnmøring til Nord-Norge. Då jobben hans opphøyrde i 2025 landa han på å ta ein tur til Finnmark. Der har han blitt kyrkjetenar og kyrkjegårdsarbeidar i Havøysund.
100 år sidan poeten Eidslotts fødsel
-Eg kan ikkje forstå at folk ikkje tror på Gud, sa Arnold Eidslott i eit intervju med Johan Behrentz i 2005. I år er det 100 år sidan ålesundaren og den kristne poeten Eidslott vart fødd, og i eit tidlegare upulisert intervju får du på Radio Sunnmøre høyre han sjølv fortelje om tru og diktninga.
Ny leiar på Orreneset misjonssenter
Sondre Bårnes har takka ja til stillinga som dagleg leiar på Orreneset Misjonssenter frå 1. august i år. Han har trakka sine barne -og ungdomsår på leirastade, og han har tidlegare vore tilsett på Orreneset.
Markering av rusfri dag på Stedet
Mandag 8. juni inviterer Frelsesarmeen Stedet Ålesund til markering av rusfri dag med kafè. Erika Lynn Solli på Stedet inviterer alle til å kome og skåle rusfritt denne dagen.
Klart for siste leir før sommaren
Det er klart for siste leir før sommaren på Brusdalsheimen i regi av Imf Ung Sunnmøre. Miriam Mulelid, leiar, og Mathias Mulelid, fortel meir om leiren 19. -21. juni på Radio Sunnmøre.
Konkurranseinstinkt på regionårsmøtet til Misjonssambandet Nordvest
I helga 29.- 31. mai var det regionårsmøtet i Misjonssambandet Nordvest. Det heile var på Høgtun folkehøgskule og regionleiar Steffen Stensland seier til Radio Sunnmøre at det var ei fantastisk helg.
Lovsongskveld på Ellingsøy bedehus
Fredag 5. juni inviterer U-teamet på Ellingsøy bedehus alle aldre til lovsongskveld for fyrste gong. U-teamet består av ungdommar som syng og spelar i band. - Det er Jesus vi skal vende blikket mot, og det er Jesus vi står der for, seier Julie Lothe (16) frå U-teamet.
Prosjekt garasje på Emblemsfjellet
På Emblemsfjellet skal det no byggast ei garasje, og Per Ove Brudeli er prosjektleiar for prosjektet. Grunnen til at ein no skal byggje ei garasje, så er det eit ynskje ei lenge har hatt til løypemaskina som trakkar flotte skiløyper på Emblemsfjellet på snørike dagar.
Søndagens tekst 7. juni
Søndagens tekst er henta i frå Matteus 3,11–12 og handlar om om dåp og omvending. Høyr samtalen med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, og journalist Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, for å høyre meir om kva teksta handlar om.
Klart for Gla Sang veke på Hermon
Det er klart for Gla Sang veke på Hermon høyfjellshotell, og vi får høyre om spanande gjestar i Irene Krokeide Alnes sitt program på Bedehuskanalen.
Trubadur Saltnes på Blindheim bedehus
Trubadur Dag Arne Saltnes er på turne og i kveld, tysdag 2. juni, skal han ha konsert på Blindheim bedehus. Saltnes er motorsyklist, musiker og ein utradisjonell forkynnar i kristne miljø.
Jubileumskonsert for Arnold Eidslott 100 år
Det blir to store jubileumskonsertar for å markerer Arnold Eidslott 100 år denne veka. Den eine er i Volda 6. juni og den andre i Spjelkavik 7. juni. Ola Eide har eit par år vore i ein komite for å planlegge ein jubileumskonsert for å markere Eidslott, som er i frå Ålesund.
Bekymra for nedlegging av palliativt tilbod i Ålesund
Konstituert overlege på palliativt team ved Ålesund sjukehus, Jakob Hunnes, er bekymra for nedbygging av det palliative tilbodet i Ålesund kommune. Det palliative teamet arbeidar som eit ressursteam inn mot dei gruppene som er alvorleg sjuke, har store lidingar, og også dei som går mot livets slutt.
Godt oppmøte på ny 17. mai feiring
Fire mødre ved Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund arrangerte 17. mai feiring på skulen for første gong. Christel Otterlei Bjerkeseth fortel til Radio Sunnmøre at det må seiast å vere ein suksess, då det vel var ei rundt 150 personar som møtte.
Nyslått generalsekretær på sunnmørstur
I mai var den nyslåtte generalsekretæren i Indremisjonsforbundet på Sunnmøre ein tur, og han tok også turen innom studio til Radio Sunnmøre. I eit intervju fekk vi tatt ein liten prat om det fyrste halve året i sjefsjobben for indremisjonsarbeidet i Noreg. Høyr intervjuet med Jarle Haugland.
Turrapport frå legeskipet i Papa Ny Guinea
Jan Oskar Alnes tok med seg kona og tre born for å bu på legeskipet i Papa Ny Guinea. No har dei kome heim og Radio Sunnmøre har fått ein lengre prat med Alnes om korleis denne opplevinga var for store og små.
