Søndagens tekst 21. september
Søndagens tekst handlar om å elske kvarandre. Høyr samtalen om evangelieteksta frå Johannes 15, 9-12, mellom prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
Møre-elevar på tur til Auschwitz
Forrige veke var elevar frå Møre barne -og ungdomsskule Ålesund på tur til Krakow for å blant anna besøke Auschwitz-Birkenau. Tim Ivan Lillebø og Sølve Hanken er elevar som var med på turen, og dei har saman med lærar Per Gunnar Hamnøy vore i studio for å fortelle om opplevinga.
- Du har ein hjelpar
Denne veka er det Irene Krokeide Alnes vi tek ein prat med i Kvardagspraten. Sidan sist har ho vore i Finnmark på leirstaden i Reppafjord og har ei fin historie om nokre haikarar som ville vere med på møtet. I tillegg får vi høyre om ei songhelg på Godøya med Organisten Leif Ingvald Skaug og om Indremisjonsforbundet sin generalforsamling som står på trappene.
Gospel Church i Borgund kirke
Gospel Church er ein idè frå Ålesund gospelkor og søndag 21. september arrangerast det i Borgund kirke. Vidar Aasebø, dirigent i Aalesund gospelkor, fortel at dette er ein ny trend og at det kan vere lettare for kirkeframande å gå på eit slikt type arrangement.
Ny pastor på Blindheim bedehus
Blindheim bedehus har i lengre tid søkt etter pastor til eiga menighet. Nikolai Sundklakk er no tilsett, og han kjem frå stillinga om ungdomspastor ved Emblem bedehus.
Ny ungleiar i Region Nordvest Misjonsambandet
Ole Petter Stenberg er ny leiar for ungavdelinga i Region Nordvest Misjonssambandet. Han tek over etter Geir Henning Tunheim.
Verdiar ein kan lære av
Denne veka er det Lars Johan Stokken som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han arbeidar til dagleg ved Vestborg vidaregåande skule, og i andaktene denne veka tek han utgangspunkt i dei verdiane ein bygger skulen på.
Frivillig på bedehuset
Kathrine Grande Røsvik er intensiv sjukepleiar og mamma. På fritida er ho frivilleg i ulike verv på bedehuset, både for vaksne, ungdom og barn. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel ho om då ho sjølv fekk eit møte med kristen tru heime på Godøya. Fellesskap, måltid og omsorg var noko ho sjølv fekk oppleve i møte med det kristne miljøet i ungdomstida.
Inn på Stortinget for KrF
Andre gong på val til Stortinget for KrF klarte Harry Valderhaug å ta plassen for Møre & Romsdal. - Det har vore ein veldig motivasjon i partiet, fortel Valderhaug til Radio Sunnmøre.
Søndagens tekst 14. september
Søndag er det vingardssøndag og evangelieteksta er henta i frå Matteus 19, 27-30. Redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund samtalar med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om kva som står i søndagens tekst.
Stopp litt opp og lytt
-Det er lett å gå glipp av det viktigaste, fordi vi har det så travelt, men så er Jesus der midt i kvardagen, seier Marit Stokken Berland i Kvardagspraten.
Bravo-leken blir samisk
Elisabeth Hunnes og Heidi Aabrekk, som bur i Ålesund og Sandane, har i 16 år utvikla det svært populære språkverktøyet Bravo-leken som har over tusen brukera. No har dei fått 1,3 millioner kroner av Sametings-rådet for å utvikle eit ferdig opplegg på samisk.
Takknemleg for å få hjelpe
-Det gir hundre gongar tilbake å få lov til å hjelpe, fortel Katrine Bjørdal Løvoll, om opplevinga ho fekk som sjukepleiar på Mercyships i Madagaskar. Ho kom heimatt for over ein månad sidan.
Nytt frå Kjeldsund leirstad
På Kjeldsund leirstad har dei nyleg bytta tak og dagleg leiar, Trygve Danbolt Øygard, fortel at han no er glad for eit tett tak. I sommar har dei også hatt besøk av fleire grupper med barn og unge, og i august var det Camp Kjeldsund med familieleir.
Morgonbøn og kaffi på Espresso House
Kvar fredag før sola skin sit ein gjeng med menn og drikk kaffi og ber på Espresso House på Moa. Vidar Aasebø, saman med fleire, startar dagen kl. 0700 med morgonbøn, prat og kaffi.
Gla`sang med Bob Dylan på norsk
Fredag 5. september blir det på ny Gla`sang kveld på Fiskerstrand bedehus. Denne gongen med Bob Dylan songar på norsk. Det er Tor Rødseth med fleire som har kvelden.
Ei naud for at menneske skal få møte Jesus
I andaktene denne veka delar Magne Arild Torgersen ei omsorg og ei naud for at at folk skal få eit møte med Jesus. Han delar i intervjuet om då han sjølv vart ein kristen.
Søndagens tekst 7. september
Denne søndagen handlar teksta om den kjærleiken Jesus har for sine vener. Han ber oss om å elske kvarandre. Høyr samtalen om søndagens tekst redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund har med prost Karl Johan Bjørge.
På Sunnmørsturnè frå Færøyane
I ti dagar skal Eydun Jackobsen, frå Færøyane, og Arnvid Brandal ha møteturnè på Sunnmøre, og litt i Romsdalen. Jackobsen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han lenge har hatt ei naud for menneska på Sunnmøre om at dei skal få eit møte med Jesus.
