Retreat-helga stod til forventningane
I helga var det Womans retreat på Lepsøya prestegård, og Alice Krogsæter Aragon var deltakar for fyrste gong. Ho var spent på om det vart ei avslappande helg etter ei lang og slitsom arbeidsveke. Høyr intervjuet på Radio Sunnmøre.
Kom på 38. plass i VM
Fredag 26. september deltok Jonas Hesthaug (27), frå Eidsdal, i VM i fjelløp i Spania. Han endte på ein 38. plass av 198 deltakarar og er nøgd med plassen. Det norske laget tok ein samla 9. plass. Løpet gjekk over 43 km og over 3700 høgdemeter, og Hesthaug brukte 5.29.45 timar på heile løpet.
Skund deg for Jesus
-Skund deg og ikkje utsett det du skulle snakke med nokon om, eller det du skulle be over, seier Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat.
MAND - mannekveld i Misjonssalen
Mandag 29. september er det fyrste samling med MAND i Misjonssalen, ein kveld for kun menn. Ulike tema blir tatt opp ein kveld i månaden, og denne mandagen er det angst som er agendaen. Knut Asbjørn Ulstein er ein av dei som arrangerer kveldane og fortel om godt oppmøte på tidlegare arrangement.
Regional misjon -og leiarkonferanse
Helga 7. -9. november arrangerast det ei regional misjon - og leiarkonferanse på Ålesund folkehøgskule. Det er Imf Sunnmøre og Imf Nordmøre og Romsdal krins som arrangerer helga. Tema som Israel, trusforsvar og misjon står på agendaen, og konstituert krinsleiar i ImF Sunnmøre, Arild Ove Halås, håpar på høg påmelding.
Lån eller behald ei bok i Herøy kyrkje
I Herøy kyrkje kan ein no låne eller behalde ei bok av kristen litteratur. I gangen står det ei hylle med ulike bøker ein kan ta med seg heim anten for lån eller for å behalde.
Gapahukens dag
Alvestad gapahuk i Haram kommune er ein av mange gapahuker det blir arrangement på under Gapahukens dag laurdag 27. september. Det er Sunnmøre friluftsråd som tek initiativ til dagen. Foto Robin Lervik
Adam Cliff med nytt album
Ole Andreas Høyberg, alias Adam Cliff, er under arbeid med nytt album. Det kjem ut i løpet av første halvår av 2026.
Morgonbøn på Blindheim bedehus
Kvar måndag frå kl.0645-0830 er det morgonbøn på Blindheim bedehus. For enkelte kan dette vere svært tidleg på morgonen å starte dagen, men for andre er dette den perfekte start.
Bibelen gir svar på fleire kvifor
I andaktene denne veka held Johan Per Sunde andakter over spørsmålet; kvifor. Kvifor har Gud skapt verda og kvifor har Gud skapt menneska, er nokre av spørsmåla Johan Per Sunde finn svar på i Bibelen.
Vestborg-lærar deltek i VM i fjell-løp
Fredag 26.september deltek Jonas Hesthaug, frå Eisdal, i VM i fjell-løp i Pyreneane i Spania. Løpet er på 45 kilometer og inneheld ein høgdeskilnad på 3700 meter. Han er til dagleg idrettslærar ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda.
Ny Ung-leiar i Region Nordvest
I haust starta Ole Petter Stenberg(36) som Ung-leiar for Misjonssambandet Region Nordvest. Han er frå Averøya, men bur på Stranda med kone og to barn. Han fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han har eit brennande engasjement for at born og unge skal få høyre om Jesus.
Frivilleg pianist på bedehuset
Sidan ho var 2. klassing har Kari Anne Steffensen spelt piano. Ho kjem frå ein musikalsk familie på Bømlo. No bur ho på Sunnmøre og har sin menighet i Blindheim bedehus, der ho bidreg med pianospeling.
Konsert i Pinsekyrkja i Volda
Til helga er det konsert i Pinsekyrkja i Volda med Peter Hallstrøm og Frøydis Grorud. John Aage Rødseth, pastor i pinsekyrkja, gler seg stort til konserten og fortel varmt om artistane som kjem i eit intervju på Radio Sunnmøre.
Søndagens tekst 28. september
I Søndagens tekst for søndag 28. september få vi høyre evangelieteksta frå Matteus 11, 16-19. Den handlar om Johannes døyparen, som verken åt eller drakk. I samtale med prost Karl Johan Bjørge tek vi ein prat om søndagens tekst.
Woman retreat på Lepsøya
Til helga er det woman retreat på Lepsøya i regi av Misjonssambandet Nordvest. Ei populær med få plassar att. Dette er ei helg med godt andeleg påfyll, ei tid til kvile og ei helg der ein kjem litt nedpå. Høyr Cathrine Behrentz fortelje om helga.
-Er vi førebudde?
-Er vi førebudde på dei unge som søker kyrkjer og bedehus? Og korleis skal ein kunne no brygge bruer mellom misjonsarbeidet som skjer ute og heime? Høyr heile intervjuet med Kjetil Vestel Haga, generalsekretær i Normisjon.
Frå generalforsamling til 60 + leir
I vekas Kvardagsprat får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje frå Indremisjonsforbundet sin generalforsamling (GF) i helga som var.
Fantastisk resultat under Radiogiv
Heile 140.200 kroner kom inn under haustens Radiogiv på Radio Sunnmøre 15.-21. september. Det er berre å bøye seg for lyttarane til Radio Sunnmøre og sei tusen takk!
Parkurs på Dråpe og i Misjonssalen
Til helga arrangerer Misjonssalen Ålesund og Emblem bedehus parkurs saman. Det er Egil Rise som kjem for å halde kurset. Kurset skal haldast på Dråpe Kaffihus fyrste kvelden og på Misjonssalen Ålesund andre dag. Høyr heile intervjuet med Egil Rise.
