Damekveld i Norkirken Molde
Fredag 14. november arrangerer Norkirken Molde damekveld med fokus på å tene kvarandre i kjærleik. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Marit Janbu, som er leiar av damearbeidet.
Ein kveld med apologetikk
Søndag skal det arrangerast ein kveld med apologetikk i Misjonssalen Ålesund. Joakim Solbakken, pastor i Sula frikirke og engasjert i Støperiet, fortel om kvelden der Rune Tobiassen skal fortelje om boka om kvifor han sjølv er ein kristen.
Vil løfte fram håp og tru i produksjonane
Westory filmselskap satsar på dokumentarfilm og Marie Helene Høyberg fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at det dei lagar skal løfte fram håp og tru. Hennar eige førebilete er Jesus og måten han løfta fram ulike mennesker sine historier på.
Den bortkomne sonen
I Ord til ettertanke denne veka er det Karl Arne Austnes som deler nokre tankar rundt historia om den bortkomne sonen. -Det er ei fantastisk historie om nåde og tilgivelse, seier Karl Arne Austnes. Høyr heile intervjuet og andaktene på Radio Sunnmøre.
100 års feiring i Pinsekyrkja i Volda
Helga 14. til 16. november skal Pinsekyrkja i Volda markere 100 år med feiring tre dagar til ende. Egil Svartdahl blir hovedtalar heile helga med festdag på laurdagen.
Søndagens tekst 9. november
Søndagens tekst handlar om den miskunnsame samaritanen. Teksta er henta frå Lukas 10, 25-37 og i ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, snakkar vi om innhalde i teksta.
Bak ei julemesse er timar med lefsebaking
November er julemessetid. Før dagen er komen er fleire timar brukt på å lage salsvarer, bake julekaker og ikkje minst kjevle og steike lefser i hopetal. Radio Sunnmøre har vore med på ei av dei mange lefsedagane i Misjonssalen.
Festkveld i Austefjord
Det var ein festkveld i Austefjord på songkveld med rundt hundre frammøtte. Dette fortel Marit Stokken Berland i vekas kvardagspraten. Vi får også høyre om korleis møteveka i Hundeidvik gjekk forrige veke.
140 år med Sigvard Engeset sine songskattar
I Ørsta frikyrkje skal det søndag 16. november markerast 140 år med Sigvard Engeset sine songskattar. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Elias Moe om arrangementet.
Reformasjonsdagen 31. oktober
Kyrkjeåret har også eiga søndagens tekst for reformasjonsdagen 31. oktober. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om teksta i Johannes 1, 16-17.
Volsdalen salme -og lovsongskor med julekonsert
Onsdag 3. desember inviterer Volsdalen salme -og lovsongskor til gratis julekonsert i Volsdalen kyrkje. Johnny Peder Pettersen fortel til Radio Sunnmøre at han gleder seg til konserten med koret som på sin fyrste julekonsert i 2024 hadde fullsett kyrkje.
Kenya gjorde inntrykk på elevane
Nyleg var fleire vidaregåande elevar på Sunnmøre til Kenya for å besøke arbeidet til North South Partnership Aid. To av elevane går på Borgund vidaregåande skule og fortel i eit nytt program at turen har endra dei.
Stolt over å vere sunnmøring
Vi har tatt ein prat med ein ny utflytta sunnmøring. Rolf Kjøde hadde store delar av barndomen i Bergen, men har halde godt på sunnmørsdialekta. Hovedslekta er i frå Spjelkavika og Kjøde har mykje å fortelje om då han kom til sunnmøre som elleveåring. Høyr heile praten med Rolf Kjøde.
Planar om nytt liv for Ålesund Soul Children
Ålesund Soul Children skal få nytt liv med Mathilde Isabell Gudmundsdottir Haug i spissen. Ho har sjølv bakgrunn frå konseptet og tenkte at ho ikkje kan slutte med dette når ho skal flytte frå Bergen.
Kjelda til all kjærleik er Gud sjølv
I Ord til ettertanke denne veka tek sokneprest på Valderøya, Gunnhild Roaldsnes Bremer, tak i dei fem kjærleiksspråka.
Realiteten for dei kristne i Midtausten
Nyleg fekk Geir Sakseid, sokneprest i Ålesund og Volsdalen og rådgivar i NMS (Det Norske Misjonsselskap) med ansvar for Midtausten, ein ny rapport frå den kristne menneskerettighetsorganisasjonen Middle East Concern, med ulike døme som viser til at kristne blir forfulgt.
Søndagens tekst 2. november
Søndag er det Allhelgensøndag og i evangelieteksta snakkast det om dei sæle og dei usæle. Teksta er henta frå Lukast 6, 20-23 og i ein samtale med prost Karl Johan Bjørge snakkar vi om kva denne teksta handlar om.
Enorm takksemd for å få gislane heim
-Det har vore historiske dagar i Israel det med å få heim gislane, fortel Te`ena Ben-Haim på telefon frå Jerusalem. På same tid fekk ho heim både mann og son frå deira teneste i militæret i denne perioda der ein har fokusert på å overleve.
-Kjende på ei vekkelsesånd
- Det var godt å kjenne på fellesskapet i bøn, og det merkast at det var forventningar, gode samtalar og song. Og vi kjende på ei vekkelsesånd i møta, seier Irene Krokeide Alnes om møteveka på Ellingsøya.
Sula vekst vart nominert til Årets Teamwork
Sula vekst var ein av tre nominerte til prisen Årets Teamwork under IDC Norway Awards 16. oktober. Dei gjekk ikkje av med seier denne gongen, men vi har tatt ein prat med Øyvind Vebenstad om arbeidet Sula vekst held på med.
