Inviterer til lovsongskveldar
Fyrste søndagen i månaden arrangerer Vineyard lovsongskveld på Spjelkavik bedehus. Bente Rørstad, lovsongspastor, og Marianne Bjørdal Sporsheim, pastor, har vore i studio for å fortelle om kvifor lovsong er ein viktig del av trua, og kvifor dei no inviterer til lovsongskveld ein gong i månaden.
Høyr intervjuet med Bente Rørstad og Marianne Bjørdal Sporsheim.
Fakkeltog for forfulgte kristne
Den 19. - 21. oktober arrangerast det Fakkeltog for forfulgte kristne i Møre og Romsdal. I år er det Ålesund, Molde og Fosnavåg som arrangerer saman med Åpne Dører. Vi har tatt ein prat med Helge Åkernes i Åpne Dører som fortel meir om programmet.
Jesus er relevant i kvardagen
I ord til ettertanke denne veka delar Otterlei Bjerkeseth ulike likningar frå Bibelen. - Eg tenker mykje på at Jesus skal vere relevant i livet vårt. Det handlar om å gi han rom og plass i kvardagen vår, fortel Otterlei Bjerkeseth, om noko av det ho ynskjer å formidle denne veka. Ho er trusopplærar i Haram kyrkjelege fellesråd.
Søndagens tekst 4. oktober
Søndagens tekst 4. oktober her henta frå Matteus 18, 1-6. Den handlar om Himmelriket og dei små. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om kva denne teksta handlar om og kva betydning den kan ha i dag.
Inviterer til Pit Stop på Ellingsøya
Helga 16. og 17. oktober blir det Pit Stop på Ellingsøy bedehus. Martha Bjørge og Ester Molnes sit i styret i den lokale ungdomsforeininga Seinfredag som er medarrangør, saman med Imf Ung Sunnmøre og NLM Ung Nordvest.
Bjørge og Molnes håpar at 200 ungdomar frå heile Sunnmøre tek turen til Ellingsøya denne helga.
Tre fram for nådens trone
På ei litt dårleg telefonlinje frå ein kafe på Flesland flyplass i Bergen, tek vi Kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes i dag. Ho er på veg til Bedehuskanalen for innspeling av nytt bøneprogram, og for ei møtehelg på Betlehem i Bergen.
Vi får høyre litt om kvar bøneemna kjem frå til programmet, og Krokeide Alnes deler også eit lite ord med oss mot slutten.
Min musikk
Frå veke 40 startar vi på Radio Sunnmøre med eit nytt program med namnet Min musikk. Vi har invitert inn gjestar som har laga eigen musikk, som syng andres musikk og som er glad i musikk, for å fortelje om kva musikken betyr for dei. Vi blir godt kjend med gjesten og deira liv og tru, og kva betydning dei enkelte songane har hatt i ulike samanhengar.
Kvardagen i Israel akkurat no
Vi har tatt ein telefon til Te`ena Ben Haim i Israel for å høyre litt om korleis kvardagen er i landet, etter nokre år med terror, krig og urolegheiter. Høyr den lengre samtalen Arild Ove Halås har med Te`ena Ben Haim.
For så elska Gud
For så elska Gud er tittelen på Ord til ettertanke denne veka. Det er Peder Almedal som delar ord til ettertanke om alt det gode Gud har å gi. Han er i haust ny leiar i Harilastiftelsen, og vi får også høyre om det nye arbeidet han har gått inn i.
Høyr heile intervjuet med Peder Almedal og hans ord til ettertanke denne veka.
Radioaktive damer inviterer til basar
Torsdag 1. oktober blir det basar på Vigra bedehus for Radio Sunnmøre. Eli Remme og damegruppa Radioaktive damer på Vigra, inviterer til basarkveld. Elkana frå Godøya skal synge, Linda Austnes skal halde andakt, og Remme lovar skikkeleg basarstemning.
Høyr heile intervjuet med Eli Remme om basaren på Vigra bedehus torsdag 1. oktober kl. 1900.
Smålotteri tillatt igjen
Kultur- og likestillingsdepartementet har offentleggjort endringar i pengespelforskrifta. Ei endring er at små lokale radiostasjonar igjen kan arrangere smålotteri utan å måtte søke om tillatelse.
-Dette er fantastisk for Radio Sunnmøre, seier redaktør og dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
Søndagens tekst 27. september
I søndagens tekst høyrer vi om Peters svigermor og andre sjuke. Teksta er henta i frå Matteus 8, 14-17 og vi samtalar om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.
Gla`sang på Frænabu
Tradisjonen tru blir det Gla`sang på Frænabu også denne hausten. Else Karin Jacobsen er brennande engasjert i helga, og håpar at også sunnmøringane tek turen og blir med.
Høyr Else Karin Jacobsen fortelle om programmet i eit intervju på Radio Sunnmøre.
Fekk nytt mot
Denne helga var Marit Stokken Berland og Jarle Berland i Bremanger og haldt møter, saman med ein gjeng songarar. Ho fortel at ho denne helga fekk nytt mot, akkurat slik Paulus fekk i Apostelgjerningane 28, 15.
Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.
Siste nytt frå Støperiet i Ålesund
Støperiet i Ålesund vart starta etter initiativ frå Joakim Solbakken for over tre år sidan. Solbakken fortel at det er ein ung gjeng som samlast til smågrupper og samlingar og finn fellesskap i alderen 20-30 åra.
Fredagar er det gudsteneste i Støperiet i Ålesund og Solbakken ynskjer endå fleire velkomne.
Høyr meir om korleis det går i Støperiet i intervjuet med Joakim Solbakken.
Ta av maskene for å elske kvarandre
Tysdag 29. september inviterer Misjonssalen Ålesund til ein temakveld med Andreas Kjøndal. Ta av maskene for å elske kvarandre er temaet for kvelden. Kjøndal er lærar ved KVS vidaregåande i Lyngdal. Andreas vil fortelle historien til "Krigerne og søstrene". Samtidig vil han fokusere på at vi er satt fri til å forandre verden, og då må vi ta av maskene slik at vi kan elske kvarandre i menighetene og utover menighetene.
Til Afrika med NSP Aid
I haustens fyrste program frå NSP Aid (North South Partnership Aid) har Per Gunnar Hamnøy med seg to elevar frå Spjelkavik vidaregåande skule i studio. Jentene skal bli med til Afrika om to veker, og fortel i intervjuet at dei har kjent til arbeidet til NSP Aid nokre år, og gler seg veldig til å kome til landet for å sjå arbeidet organisasjonen driv for å betre barn og unge sin kvardag.
Å vente på bønesvar
I Ord til ettertanke denne veka deler Andre Sætre svært personleg om ein Gud som svarer på bøn, og om ein Gud som er der i alle situasjonar. Gud svarer ikkje alltid slik vi ynskjer, men Sætre opplever at Gud har vore med i mange tøffe situasjonar. Sætre er leiar for Den Indre Sjømannsmisjon, og har sjølv måtte gå gjennom livet med motgang og tøff sjukdom på nært hald. Han fortel gjennom andaktene om konkrete situasjonar i livet der han har fått kjenne at Gud er med.
Søndagens tekst 20. september
I Søndagens tekst er evangelieteksta henta frå Johannes 11,17–29, og handlar om då Lasarus hadde vore død i fire dagar. Marta og Maria er i sorg og forstår ikkje kvifor Jesus ikkje har kome før.
Høyr heile teksta og samtalen om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.
-Vi er alle menneskefiskere
Denne veka skal Irene Krokeide Alnes til Gimlekollen i Kristiansand og vere med på startskotet til ein ny aksjon. Aksjonen handlar om å hjelpe kristne til å vitne for andre med nytestamenter og hefter som er laga til utdeling. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
