Morgonbøn og kaffi på Espresso House
Kvar fredag før sola skin sit ein gjeng med menn og drikk kaffi og ber på Espresso House på Moa. Vidar Aasebø, saman med fleire, startar dagen kl. 0700 med morgonbøn, prat og kaffi.
Gla`sang med Bob Dylan på norsk
Fredag 5. september blir det på ny Gla`sang kveld på Fiskerstrand bedehus. Denne gongen med Bob Dylan songar på norsk. Det er Tor Rødseth med fleire som har kvelden.
Ei naud for at menneske skal få møte Jesus
I andaktene denne veka delar Magne Arild Torgersen ei omsorg og ei naud for at at folk skal få eit møte med Jesus. Han delar i intervjuet om då han sjølv vart ein kristen.
Søndagens tekst 7. september
Denne søndagen handlar teksta om den kjærleiken Jesus har for sine vener. Han ber oss om å elske kvarandre. Høyr samtalen om søndagens tekst redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund har med prost Karl Johan Bjørge.
På Sunnmørsturnè frå Færøyane
I ti dagar skal Eydun Jackobsen, frå Færøyane, og Arnvid Brandal ha møteturnè på Sunnmøre, og litt i Romsdalen. Jackobsen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at han lenge har hatt ei naud for menneska på Sunnmøre om at dei skal få eit møte med Jesus.
Populære Lifebags gir håp
Populære Lifebags frå Kenya gir håp til damer i Kenya. Elisabeth Nordstrand fortel om bakgrunnen for veskene som har blitt veldig populære i Noreg.
Å be er aldri feil
Ei helg fylt av songglede og ein kalender fylt opp av møteaktivitet. Irene Krokeide Alnes delar i kvardagspraten også nokre tankar om at å be er aldri feil.
Leitar etter nye skulelokale
Møre Barne - og ungdomsskule Skodje leitar etter nye skulelokale. Skulen har fleire gongar fått nei frå Ålesund kommune om eit permanent skulebygg i Brusdalen. Kommunen har også sagt nei til ein intensjonsavtale om å samarbeide med skulen om å finne nye lokale.
Konstituert krinsleiar i ImF Sunnmøre
Frå 1. september går Arild Ove Halås (58) inn som konstituert krinsleiar i ImF Sunnmøre. Krinsstyret vil arbeide vidare med å få på plass ein i fast stilling opp imot konkrete personar i tida framover.
Fasinert over engasjementet rundt Israel i norsk stortingsval
I sommar var Te`ena Behn Haim i Norge på ferie saman med mannen. Dei bur til dagleg i Jerusalem, og dei har to born som er aktive i militæret i Israel. Då dei var i Noreg på ferie fulgte ho med på mediedekninga av Israel og synest det er fasinerande at Israel blir behandla som ei norsk kommune under stortingsvalet. -Det er akkurat som ein har mista litt perspektivet rundt dette. Og det verkar som dei fleste i Noreg har kjøpt eit narrativ frå Hamas, som blir ein høgtalar for dei, uttalar Behn Haim i eit intervju på Radio Sunnmøre.
Emblemsfjellet opp
Søndag 7. september er det på ny Emblemsfjellet opp, eit løp for både born og vaksne og turbingo i tillegg. Jan Ketil Vinnes fortel ta det startar fyrst med ei familiesamling med kiosksal og turbingo ved Emblem bedehus.
Vestborg vgs trekker nye elevgrupper
Denne hausten har Vestborg vidaregåande skule 94 elevar, derav 31 elevar startar sitt fyrste år. Jon Ove Holen, rektor ved skulen, er stornøgd med elevtalet. Dei aller fleste elevane kjem frå Møre & Romsdal, men der er også elevar frå andre fylker i landet.
Søndagsskulens dag på Hakallegarden
Søndag er det Søndagsskulens dag på Hakallegarden på Søre-Sunnmøre. Då inviterer Søndagsskulen lag frå heile Sunnmøre til ein super dag. Vi har tatt ein prat med Hilde Balsnes Lande, frivillighetsrådgivar i Søndagsskulen.
Søndagens tekst 31. august
I søndagens tekst 31. august handlar evangelieteksta om Jesus og samaritanane. Redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om denne teksta.
Ny leiar i ImF Ung Sunnmøre
- Det er veldig spennande og litt skummelt, sidan eg har høge forventningar til meg sjølv. Litt utfordrande sidan det er ein ny organisasjon å sette seg inni, og mange kjekke kolleger å samarbeide med, fortel Miriam Mulelid. Ho starta 1. august som leiar for ImF Ung Sunnmøre.
Over 400 medlemmar på 20 år
Norkirken Molde har blitt ei menighet med 400 medlemmar på 20 år. Dette fortel pastor Odd Magnus Venås i eit intervju på Radio Sunnmøre. I midten av august feire dei med jubileumsfest der rundt 130 deltakarar møtte.
Ei oppsummering av Orrenesstemnet
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Ho har mykje godt å fortelje frå Orrenesstemnet der både Johan Halsne og Kjell Furnes talte og vart takka av.
Etterarbeidet etter The Send på Sunnmøre
I sommar var det 1200 mennesker i Sparebanken Møre Arena for å lovsynge og lytte til forkynning om å følge Jesus. Vi har snakka med Ester Boge som har koordinert oppfylgjingsarbeidet etter The Send.
Den politiske situasjonen i MIdtausten
Ein forferdeleg situasjon i Gaza, eit Hizbollah som har blitt markert svekka i Libanon, og eit regimeskifte i Syria. Dette er noko av det vi får høyre meir om når Geir Sakseid gir eit bilete av den politiske situasjonen i Midtausten.
