Det jula eigentleg handlar om
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Det jula eigentleg handlar om

Det viktigaste Marit Stokken Berland tek med seg inn i ei julehøgtid er bodskapen om det som det eigentleg handlar om. Bodskapen om Jesus som vart fødd. Høyr årets siste Kvardagsprat.

Les mer
Barmhjertighetens hus opna
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Barmhjertighetens hus opna

I Ålesund opna Barmhjertighetens hus torsdag 11. desember. Det heile vart opna ved at ordførar Håkon Strand, og Karl Johan Skårbrevik, klipte over eit varmt skjerf, som skulle symbolisere varme og å det å ta vare på kvarandre.

Les mer
Julebodskapen - gammalt nytt?
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Julebodskapen - gammalt nytt?

Julebodskapen. Vi har høyrd det før. Vi har sunget sangane før. Er ikkje julas bodskap om at Jesus vart fødd, gammalt nytt? Høyr vekas mediekommentar frå Tro & Medier med dagleg leiar, Rune Tobiassen.

Les mer
Velkomen heim
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Velkomen heim

I konseptet Velkomen heim ynskjer Viggo Klausen å invitere til å høyre om at Jesus finnes og invitere han heim. Dette er eit evangeliseringsopplegg han reiser land og strand rundt med.

Les mer
Abort på kjønn skjer på norske sjukehus
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Abort på kjønn skjer på norske sjukehus

Ny rapport frå Menneskeverd fortel at abortar no skjer på norske sjukehus på grunnlag av kjønn aleine. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med generalsekretær i Menneskeverd, Maria Elisabeth Selbekk, som fortel at dei har fått direkte rapportar frå helsepersonell som fortel at kvinner no tek abort grunna kjønn aleine. Dette advarte Menneskeverd om i god tid før regjeringa endra grensa for sjølvbestemt abort frå 12 veker til 18 veker.

Les mer
Søndagens tekst 14. desember
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Søndagens tekst 14. desember

I Søndagens tekst for 14. desember les vi frå Matteus 11, 2-11. Teksta handlar om då Johannes var i fengsel og fekk høyre om alt Jesus gjorde. Han sende bod med disiplane for å høyre om Jesus var den som skulle kome, eller om han skulle vente på ein annan. 

Les mer
Liverapport frå Varmestua i Ålesund
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Liverapport frå Varmestua i Ålesund

-God mat og trivelege folk, og det er sosialt, seier ein av dei vi tok ein prat med på Varmestua i Ålesund. - Det er dagens høgdepunkt, fortel han som nyleg har fylt på tallerkenen med både pizza og lasagne. Radio Sunnmøre tok ein tur til Varmestua i Ålesund under middagsservering.

Les mer
Turgruppa på tur i lysparken i VIka
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Turgruppa på tur i lysparken i VIka

Lysparken i Spjelkavika, utanfor Vikakroken, blir besøkt av store og små. Turgruppa i Fremmerholen barnehage brukar også dette turområdet, og på ein av turane møtte Radio Sunnmøre på dei og fekk ein fin plass med både borna og Julianne Lausund Farstad, pedagogisk leiar i Fremmerholen barnehage.

Les mer
Fekk eit nytt liv
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Fekk eit nytt liv

Erlend Johan Westad (25) vaks opp på Alnes i ein kristen heim. I oppveksten opplevde han mobbing, som utløyste år med depresjon og mørke tankar rundt seg sjølv. Sommaren 2023 fekk han eit møte han seint vil gløyme, og som gjorde at han fekk eit nytt liv.

Les mer
Håp i ei gryte
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Håp i ei gryte

I år er Frelsesarmeen sin julekonsert Håp i ei gryte lagt til torsdag 4. desember. I tillegg har innsamlinga i Frelsesarmeen sine julegryter starta, og ein kan finne dei både på Moa og i Ålesund sentrum. Vi har tatt ein prat med Åse Berg Grønvik om kveldens konsert.

Les mer
Ord til ettertanke om Josef
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Ord til ettertanke om Josef

Josef er tema i vekas ord til ettertanke, når Gunnar Ferstad deler sine tankar med Radio Sunnmøre sine lyttarar. Det var etter at Ferstad las ei bok om Josef at personen traff han.

Les mer
Folkehøgskuleelevane beheld stipend
Siste Nytt Redaksjonen Siste Nytt Redaksjonen

Folkehøgskuleelevane beheld stipend

I natt vart det klart at også neste års folkehøgskuleelevar kan få omgjort 40 prosent av studielånet sitt til stipend. Det har blitt gjort ein stor jobb frå alle folkehøgskuleelevane, fortel Lars Johan Klokk, rektor ved Sjøholt folkehøgskule, til Radio Sunnmøre.

Les mer