Utflytta sunnmøring frå Langevåg
I serien utflytta sunnmøring har vi tatt ein prat med Randi Nesseth Hågan som flytta frå Langevågen til austlandet. Ho vaks opp med mykje aktivitet på Langevåg bedehus, og i korps, og er no engasjert i kyrkja i Skien.
God nok - Godt nok
I helga skal det arrangerast God nok - Godt nok i Sula. Eit arrangement Anders Grytten og Håvard Sveås skal arrangere saman. Temaet for kvelden er angst og depresjon, og skal gjere det enklare å snakke om at livet kan vere vanskeleg.
Ny EP frå Ingrid Helene
I midten av september kom Ingrid Helene Kopperstad Raunehaug ut med ein ny EP. Den inneheld tre salmar og ein eigenlaga song, Stille vann. I år blir ho med under Åpne Dører sine fakkeltog i Møre & Romsdal.
Salmer på Terminalen med Lewi Bergrud
Onsdag 15. oktober blir det igjen Salmer på pub på Terminalen med Lewi Bergrud m/band. I fjor møtte 400 personar til denne konserten, og Thor Erik Fjellvang og Lewi Bergrud gler seg igjen til å kome til Ålesund.
Pit Stop på Emblem bedehus
Helga 17. -19. oktober blir det Pit Stop på Emblem bedehus. Årets tema er Logos og helgas taler er Anette Fredly. Miriam Mulelid, leiar for Imf Ung Sunnmøre, fortel meir om helga som er eit samarbeid mellom Imf Ung Sunnmøre og Misjonssambandet Nordvest.
Frivilleg på Seamans mission i Ålesund
Seamans mission har mange frivillege og Liv Erstad er ein av dei. Kvart år tek dei imot nokre hundre mannskap frå turistbåtar som kjem inn til kai. Som frivilleg inviterer dei cruisemannskap inn til gratis internett, litteratur på ulike språk, samtale og kaffi/te
Deler frå eige trusliv
Denne veka er det Marie Helene Høyberg vi får eit atthøyr med i Ord til ettertanke. Ho er frå Brummundal, gift med ein sunnmøring og bur på Sunnmøre. I ord til ettertanke denne veka deler ho glimt frå eige trusliv og kva betydning det har for hennar eige liv.
Møtehelg på Skodje med utflytta sunnmøring
I helga er det møtehelg med Grete Yksnøy Martinsen på Skodje bedehus. Ho er ein av dei utflytta sunnmøringane Radio Sunnmøre tek ein prat med i haust.
Haustens bibelkurs med IMF Sunnmøre
Det er også denne hausten bibelkurs i regi av ImF Sunnmøre på Blindheim og Herøy Barne - og ungdomsskule. Bibelkursa har gått fast haust og vår dei siste fire åra, og Halås fortel at det er mange som kjem på desse kursa med to bibeltimar kvar gong.
Søndagens tekst 12. oktober
I søndagens tekst 12. oktober er det Markus 1, 40-45 som er evangelieteksta. Denne søndagen handlar teksta om den spedalske mannen. Høyr samtalen med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om kva søndagens tekst inneheld.
Molde bedehus har starta matposeutdeling
Då Molde bedehus høyrde at fleire lokale tiltak ved Frivillighetssentralen måtte legge ned, som utdeling av matposer, så heiv Molde bedehus seg på og tok over dette.
Gud er den som gjer under
-Gud er den som gjer under, fortel Marit Stokken Berland i vekas Kvardagsprat. Nyleg var ho i Hordaland og haldt møteveker. Frå 14. oktober til 19. oktober er det møteveke på Ellingsøy bedehus, og det ser Stokken Berland fram til.
Haram fellesskapet eit pilotprosjekt
IMF Sunnmøre har tatt initiativ til å starte større fellesskap av fleire mindre fellesskap i nærområdet av kvarandre. Haram fellesskap er eit pilotprosjekt i denne samanhengen.
Tilbakemeldingane på Jakobs bror er positive
Jakobs bror er namnet på boka Eldar Skeide kom ut med i fjor vinter. Skeide har vore i studio igjen for å fortelje korleis det har gått med utgivelsen av boka.
Kom over Radio Sunnmøre på veg til jakt
Ein dag Sivert Røymo, frå Molde, skulle over Ørskogfjellet på jakt, fekk han sitt fyrste møte med Radio Sunnmøre. På turen hadde han gløymd AUXen heime, og dermed var det kun FM som var å lytte til.
Visthus leirstad selgast
Visthus leirstad, tilhøyrande Nordmøre og Romsdalen Indremisjon (NRI), skal selgast. I haust blir det arrangert dei siste leirane og siste haustmesse på leirstaden, og NRI ser ikkje at det lenger er mogleg å halde på staden.
Gutane med innsamlingkonsert i Sula
Første fredagen i november skal Gutane i Sula frikirke halde ein songkveld. Oddgeir Vadseth i Gutane fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at dei under songkvelden også skal ha ei innsamling til Frimat Sula.
Perler frå Guds skattkammer
Denne veka er det Oddveig Molnes som held Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre kvar dag. Perler frå Guds skattkammer er det Molnes har valgt å dele litt av kvar dag. Høyr alle andaktene og intervjuet på Radio Sunnmøre.
Søndagens tekst 5. oktober
Denne veka er det Markus 5, 35-43 som er evangelieteksta i kyrkjeåret. Vi får høyre om den vesle jenta, på tolv år, som Jesus vekte opp frå det døde. Kvifor gjorde Jesus dette? Høyr samtalen med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om kva søndagens tekst handlar om.
Israelere kjem til tru i Tel Aviv
Eyvind og Siw Anita Volle er tilbake i Tel Aviv etter ein ferie i Noreg, og fortel at det er fleire israelera som no har kome til kristen tru i Immanuelkirka der dei arbeidar.
