Festkveld i Austefjord
Det var ein festkveld i Austefjord på songkveld med rundt hundre frammøtte. Dette fortel Marit Stokken Berland i vekas kvardagspraten. Vi får også høyre om korleis møteveka i Hundeidvik gjekk forrige veke.
140 år med Sigvard Engeset sine songskattar
I Ørsta frikyrkje skal det søndag 16. november markerast 140 år med Sigvard Engeset sine songskattar. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Elias Moe om arrangementet.
Reformasjonsdagen 31. oktober
Kyrkjeåret har også eiga søndagens tekst for reformasjonsdagen 31. oktober. I ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, tek vi ein prat om teksta i Johannes 1, 16-17.
Volsdalen salme -og lovsongskor med julekonsert
Onsdag 3. desember inviterer Volsdalen salme -og lovsongskor til gratis julekonsert i Volsdalen kyrkje. Johnny Peder Pettersen fortel til Radio Sunnmøre at han gleder seg til konserten med koret som på sin fyrste julekonsert i 2024 hadde fullsett kyrkje.
Kenya gjorde inntrykk på elevane
Nyleg var fleire vidaregåande elevar på Sunnmøre til Kenya for å besøke arbeidet til North South Partnership Aid. To av elevane går på Borgund vidaregåande skule og fortel i eit nytt program at turen har endra dei.
Stolt over å vere sunnmøring
Vi har tatt ein prat med ein ny utflytta sunnmøring. Rolf Kjøde hadde store delar av barndomen i Bergen, men har halde godt på sunnmørsdialekta. Hovedslekta er i frå Spjelkavika og Kjøde har mykje å fortelje om då han kom til sunnmøre som elleveåring. Høyr heile praten med Rolf Kjøde.
Planar om nytt liv for Ålesund Soul Children
Ålesund Soul Children skal få nytt liv med Mathilde Isabell Gudmundsdottir Haug i spissen. Ho har sjølv bakgrunn frå konseptet og tenkte at ho ikkje kan slutte med dette når ho skal flytte frå Bergen.
Kjelda til all kjærleik er Gud sjølv
I Ord til ettertanke denne veka tek sokneprest på Valderøya, Gunnhild Roaldsnes Bremer, tak i dei fem kjærleiksspråka.
Realiteten for dei kristne i Midtausten
Nyleg fekk Geir Sakseid, sokneprest i Ålesund og Volsdalen og rådgivar i NMS (Det Norske Misjonsselskap) med ansvar for Midtausten, ein ny rapport frå den kristne menneskerettighetsorganisasjonen Middle East Concern, med ulike døme som viser til at kristne blir forfulgt.
Søndagens tekst 2. november
Søndag er det Allhelgensøndag og i evangelieteksta snakkast det om dei sæle og dei usæle. Teksta er henta frå Lukast 6, 20-23 og i ein samtale med prost Karl Johan Bjørge snakkar vi om kva denne teksta handlar om.
Enorm takksemd for å få gislane heim
-Det har vore historiske dagar i Israel det med å få heim gislane, fortel Te`ena Ben-Haim på telefon frå Jerusalem. På same tid fekk ho heim både mann og son frå deira teneste i militæret i denne perioda der ein har fokusert på å overleve.
-Kjende på ei vekkelsesånd
- Det var godt å kjenne på fellesskapet i bøn, og det merkast at det var forventningar, gode samtalar og song. Og vi kjende på ei vekkelsesånd i møta, seier Irene Krokeide Alnes om møteveka på Ellingsøya.
Sula vekst vart nominert til Årets Teamwork
Sula vekst var ein av tre nominerte til prisen Årets Teamwork under IDC Norway Awards 16. oktober. Dei gjekk ikkje av med seier denne gongen, men vi har tatt ein prat med Øyvind Vebenstad om arbeidet Sula vekst held på med.
Møre barne -og ungdomsskule Skodje 10 år
Onsdag 5. november feirer Møre barne -og ungdomsskule Skodje 10 år med kake, talar og underholdning, og rektor Hilde Renate Sæthre Nes håpar at alle som har lyst tek turen.
Kritisk til redaktørstyrte medier
I ein kronikk i Sunnmørsposten skriv Aud Farstad, historikar og forfattar, at ho er kritisk til redaktørstyrte medier, og då særskilt henviser til NRK som einsidige i tida etter massakren i Israel.- Eg har desse to åra vore utruleg takknemleg for at eg meistrar andre språk enn norsk og kan gå ut på nettet å finne anna informasjon og det som for eksempel NRK og andre store aviser har som ferdig fortelling, fortel Farstad til Radio Sunnmøre.
Folkehøgskulerektorar i protestmøte på Stortinget
Onsdag var ni folkehøgskulerektorar på Stortinget for å protestere mot regjeringa sitt nye budsjettforslag om å kutte stipendandelen til elevane frå 40 til 15 prosent. - Eg trur det er eit vere eller ikkje vere om ein mister stipendet, seier Lars Johan Klokk til Radio Sunnmøre.
Mindre bekymringar og eit enklare liv
Eit liv med mindre bekymringar kan gje deg ei enklare reise seier Joakim Solbakken som har Ord til ettertanke for oss denne veka.
Solhøgda leirstad treng ny leiing
Etter heile 46 år har Kari og Arne Johan Gagnat drive Solhøgda leirstad, og leirskole, med overskot. No må Misjonssambandet sjå seg om etter ny leiing.
Foreslår kutt av stipend til folkehøgskuleelevar
Regjeringa foreslår at stipendandelen til folkehøgskuleelevar skal kuttast frå 40 % til 15 %. - Her lagar ein ei innsnevring slik at det blir færre moglegheiter for alle, seier Sven Wågen Sæther, rektor ved Ålesund folkehøgskule til Radio Sunnmøre.
Tilbake etter tre månader på Mercy Ships
Tre månader på Mercy Ships i Sierra Leone har gjort eit uslettelig inntrykk på Per Magne Brakstad.
