Plussreiser får nytt leiarteam
Frå 1. januar 2026 får Plussreiser nytt leiarteam. Aud Kindervåg Halsne gir seg som leiar etter 12 år, men held fram i selskapet i andre oppgåver.
Søndagens tekst 14. desember
I Søndagens tekst for 14. desember les vi frå Matteus 11, 2-11. Teksta handlar om då Johannes var i fengsel og fekk høyre om alt Jesus gjorde. Han sende bod med disiplane for å høyre om Jesus var den som skulle kome, eller om han skulle vente på ein annan.
Skodje kyrkjekor med julekonsert
Skodje kyrkjekor tjuvstartar 30 årsfeiringa med julekonsert torsdag 11. desember i Ørskog kyrkje. Prosjektleiar Kari Grindvik fortel om arrangementet til Radio Sunnmøre.
Ei roleg førjulstid
Det er siste kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes for dette året, og vi høyrer i praten at det går mot ei roleg førjulstid på Alnes.
Liverapport frå Varmestua i Ålesund
-God mat og trivelege folk, og det er sosialt, seier ein av dei vi tok ein prat med på Varmestua i Ålesund. - Det er dagens høgdepunkt, fortel han som nyleg har fylt på tallerkenen med både pizza og lasagne. Radio Sunnmøre tok ein tur til Varmestua i Ålesund under middagsservering.
Førjulstid og julefeiring med Kirkens bymisjon
Det er ikkje alle som har ei hyggeleg førjulstid eller som gler seg til jul. Gjengen på Kirkens bymisjon i Ålesund gjer sitt beste for å gje ei god førjulstid og julefeiring for dei som treng nokon å feire med.
Turgruppa på tur i lysparken i VIka
Lysparken i Spjelkavika, utanfor Vikakroken, blir besøkt av store og små. Turgruppa i Fremmerholen barnehage brukar også dette turområdet, og på ein av turane møtte Radio Sunnmøre på dei og fekk ein fin plass med både borna og Julianne Lausund Farstad, pedagogisk leiar i Fremmerholen barnehage.
Fekk eit nytt liv
Erlend Johan Westad (25) vaks opp på Alnes i ein kristen heim. I oppveksten opplevde han mobbing, som utløyste år med depresjon og mørke tankar rundt seg sjølv. Sommaren 2023 fekk han eit møte han seint vil gløyme, og som gjorde at han fekk eit nytt liv.
Håp i ei gryte
I år er Frelsesarmeen sin julekonsert Håp i ei gryte lagt til torsdag 4. desember. I tillegg har innsamlinga i Frelsesarmeen sine julegryter starta, og ein kan finne dei både på Moa og i Ålesund sentrum. Vi har tatt ein prat med Åse Berg Grønvik om kveldens konsert.
Ord til ettertanke om Josef
Josef er tema i vekas ord til ettertanke, når Gunnar Ferstad deler sine tankar med Radio Sunnmøre sine lyttarar. Det var etter at Ferstad las ei bok om Josef at personen traff han.
Folkehøgskuleelevane beheld stipend
I natt vart det klart at også neste års folkehøgskuleelevar kan få omgjort 40 prosent av studielånet sitt til stipend. Det har blitt gjort ein stor jobb frå alle folkehøgskuleelevane, fortel Lars Johan Klokk, rektor ved Sjøholt folkehøgskule, til Radio Sunnmøre.
Søndagens tekst 7. desember
Det er andre søndag i advent og vi er kome til søndagens tekst for 7. desember. I dagens tekst les vi frå Johannes 14, 1-4. Det handlar om at ein ikkje skal la hjarte uroe seg.
Ei juleforteljing i Valderøy kyrkje
Søndag 14. desember visast ei juleforteljing i Valderøy kyrkje. Emma Dyb, menighetspedagog, fortel juleevangeliet som ei levande forteljing der ho skal spele alle rollene sjølv.
Førebuing av julemarknad på Borgund vgs
Torsdag ettermiddag er det julemarknad på Borgund vidaregåande skule og Radio Sunnmøre tok turen for å kjenne på stemninga under førebuinga. Til julemarknaden har alle linjene stand med ulike produkt og tenester ein kan få handla før jul.
Adventstid
I vekas Kvardagsprat tek vi ein prat med Marit Stokken Berland. Forrige veke var ho og Jarle i Ulsteinvik og haldt møter, og vi får høyre om då ho var der for fyrste gong saman med Irene.
Julenatt for 17. gong i Pinsekirka
I år igjen er det klart for oppsetninga Julenatt i Pinsekirka Moa. Det er den 17. gongen at barn og vaksne har øvd i fleire veker for å sette opp julespelet over to dagar 13. og 14. desember.
Ålesund gatefotball - livstrening i verdsklasse
Ålesund gatefotball er til for å gje eit tilbod på kveldane for dei som har hatt litt utfordringar. Det er eit ettervernsarbeid som skal hjelpe til med ein ny start for dei som treng det.
Heime etter tur til Libanon
Eit spananande pavebesøk stod på trappene i Libanon, då Geir Sakseid fekk besøke landet for fyrste gong. Urolegheiter i Midtausten og spenningar mellom kulturelle og religiøse grenser får vi høyre om i månadene intervju med Sakseid.
Løvenes konge på Ålesund folkehøgskule
Onsdag 3. desember er det duka for årets musikaloppsetting på Ålesund folkehøgskule. Årets musikal er Løvenes konge, og Lukas Ekornes og Maria Elgsæther skal så på scena unde årets framsyning.
Det å kjenne eit kall for noko
I Ord til ettertanke denne veka delar Odd Christian Stenerud om det å ha tru for noko og det å kjenne på eit kall for noko, og Stenerud delar eksemplar frå sitt eige liv der han har fått kjenne på dette i ulike situasjonar.
