Søndagens tekst 25. januar
Søndag er teksta henta frå Lukas 18, 35-43, og handlar om den blinde mannen ved Jeriko. I ein samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, tek vi ein prat om kva som står i teksta og kva den kan bety for oss i dag.
Stor pågong på Familivernkontoret etter jul
På Familievernkontoret på Sunnmøre har ein etter jul merka stor pågong. Kontoret ynskjer å vere til hjelp for barn, unge og familier i vanskelege tider av livet, og etter jul har dei merka stor pågong av henvendingar.
Sina Løken kveld i Langevåg
Laurdag 24. januar er det Sina Løken -kveld på Langevåg bedehus. Sina Løken var ein pionermisjonær på Madagaskar fram til 1934, og kom opprinneleg frå Langevågen.
Betydninga av å be
Denne veka er det Irene Krokeide Alnes som er med i Kvardagspraten. Vi tek ein prat om bøn og betydninga av bøn. Høyr heile kvardagspraten på Radio Sunnmøre.
Vestborgrussen på turnè
Prosjektleiar for Vestborgrussen sitt misjonsprosjekt, Andreas Haram, var i helga på besøk på Ellingsøy bedehus og fortalde om turen sin til Japan. Med seg hadde han medelevar og ein talar.
Rapport frå Elfenbenskysten
Ekteparet Katie og Kjell Magne Møgster er i Elfenbenskysten, og fort tida i Abidjan. Dei er utsendt for Misjonssambandet og skal arbeide blant Mahou folket. Radio Sunnmøre tok ein telefon til ekteparet for å få ein liten rapport på arbeidet dei gjer der.
Mikal delte ut 2000 matkasser i Kenya
I årets ferskaste episode frå North South Partnership Aid (NSP Aid) får vi høyre eit intervju med Mikal Sandvik, frå Misund, som fortel om korleis han har vore med å pakke og dele ut 2000 matkasser i Kenya i jula.
Kva er det med Jesus?
Denne veka er det Per Ola Godø som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. I løpet av veka og dei fem andaktene så delar Godø nokre tankar rundt spørsmålet; - Kva er det med Jesus?
Bibelhelg på Frænabu
Helga 6.-8. februar er det bibelhelg på Frænabu i Romsdalen. Det er Runar Landro som er talar for helga, og temaet for helga er Mer land å innta. Høyr intervjuet med krinsleiar i Nordmøre og Romsdal Indremisjon, Ole Christian Martinsen.
To fulle skiweekendar for ImF Ung Sunnmøre
Det er klart for vinterleirar for ImF Ung Sunnmøre, og begge skiweekendane er no fullbooka. Miriam Mulelid, ungleiar, er nøgd med påmeldinga og både gler seg, og er spent, til leir.
Søndagens tekst 18. januar
I Søndagens tekst for 18. januar er det Bryllaupet i Kana som blir omtalt. Det er Johannes 2, 1-11 som er evangelieteksta, og prost Karl Johan Bjørge samtalar med redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund om teksta.
Barnekoret NoHa på Nordøyane
Barnekoret NoHa på Nordøyane var nyleg på julefest og song for fyrste gong på Harøya. Samankoblinga mellom øyane har vore svært positiv for koret og medlemstalet.
Han gir overflod
-Gud gir alt i rikeleg monn, seier Marit Stokken Berland i vekas Kvardagsprat. Med eit nytt år er ho og Jarle Berland denne veka klar for ny møteveke på Stord, og planane for det nye året er klar. Høyr årets fyrste kvardagsprat med Marit Stokken Berland.
Brenn for misjon på Island
Bjørn Inge Furnes Aurdal har lang fartstid i Laget på Sunnmøre, og i dag bur han på Island. Han ser store misjonsmuligheiter på Island og har flytta dit idag.
Kraup under bordet og ropte på Jesus
Forrige veke var det eit stort jordskjelv i Japan i nærleiken av der misjonær Inger Valbø held til. Ho kraup under bordet og ropte på Jesus då jordskjelvet oppstod. - Det var ikkje noko kjekt, seier Valbø til Radio Sunnmøre.
Delar ut Jesus-burger i Norkirken Molde
Kvar tysdag i midttimen delar Norkirken Molde ut Jesus-burger til elevane ved den vidaregåande skulen som ligg vegg i vegg med kirka. Linnea Maria Maridal er aktiv i ungdomsarbeidet og med i styret i Laget på skulen, og fortel at ein inviterer med seg i storefri dei som ynskjer å bli med bort i kirka for å få seg ein burger.
Nytt år med ny leiar for Indremisjonsforbundet
Etter tre månader i leiarstolen for Indremisjonsforbundet (ImF) har Jarle Haugland allereie vore med på ei nedbemanning i organisasjonen. Tross krevande kutt ser den nye leiaren, Jarle Haugland, lyst på 2026 og arbeidet vidare i Indremisjonsforbundet. - Det er ein organisasjon eg er glad i. Eg er glad i folket og i oppdraget, seier Haugland.
Mannshelg på Brusdalsheimen
Til helga 9.-12. februar er det mannshelg på Brusdalsheimen. Talar for helga er Rolf Kjøde, og både Tor Rødseth og Valderøykvartetten blir med som songkrefter.
Frå Sinai til Golgata
-Fokuser heller på Golgata enn på Sinai idag, seier Ståle Schrøder Heggset i Ord til ettertanke. Han er andaktshaldar denne veka på Radio Sunnmøre.
Rapport frå mannshelg på Vestheim
I helga 2. -4. januar var det mannshelg på Vestheim i regi av Misjonssambandet. Regionleiar Steffen Stensland fortel at helga kjem til å leve i han i lang tid framover.
