Nye kristne i Immanuelkirka
Eyvind Volle er heime på ferie og vi fekk ein prat med han i studio om arbeidet han er med på som pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv. Det siste året har dei fått undervise nye kristne og vore med på dåp. Vi får høyre litt om kva ein underviser til nye kristne, og litt om framtidsplanar for ekteparet Volle.
Høyr heile praten med Eyvind Volle, pastor i Immanuelkirka i Tel Aviv.
Kvardagspraten med Marit
Forrige veke var Marit & Irene på Ellingsøy bedehus og haldt møteveke frå tysdag til søndag. I Kvardagspraten med Marit Stokken Berland får vi høyre korleis det gjekk. Vi får også høyre Stokken Berland dele nokre ord i dagens kvardagsprat.
Høyr heile praten med Marit Stokken Berland.
Konsert med Hølmebakk og Elkana
Søndag 13. september blir det konsert med Sveinung Hølmebakk og Elkana på Valderøy bedehus. Hølmebakk har nyleg kome ut med ei ny plate som heiter Nåderegn. Den kom i mars og fleire av songane er arrangert for kor.
I helga blir det konsert med både dei nye songane til Hølmebakk og nokre av dei gamle.
Seminardag om Alma Halse
Alma Halse (1907-1969), fødd på Åheim, fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1965 og Alle kvinners ærespris i 1963 for sin kristen humanitære innsats i Alta. Laurdag 26. september skal det vere seminar om denne dama i Pinsekirka på Moa.
Høyr intervjuet med Ben Giske fortelje meir om denne dama og seminardagen Pinsekirka på Moa skal halde.
Takknemleg etter songhelg
Siste helga i august var det tradisjonen tru song -og musikkhelg i Fosnavåg. Denne gongen var det Plussreiser, Bedehuskanalen og P7 som stod som arrangørar. Johan Halsne, som har leia denne helga i alle år, er svært nøgd etter helgas arrangement. Neste år er det tiårs jubileum, og arrangementet blir også då siste helga i august.
Møre barne -og ungdomsskule Ålesund 30 år
I dag, torsdag 3. september, markerer Møre barne -og ungdomsskule Ålesund 30 år. Ordføreren i Ålesund kjem, det blir kaker og leiker, og det blir fotballkamp.
Høyr intervjuet med rektor Øystein Engås om kva som har skjedd i løpet av desse 30 åra, og korleis feiringa skal foregå.
Undrekveldar for damer og jenter
Det starta med ei damegruppe i Herøy og no skal det arrangerast undringkveldar i Herøy kyrkje for damer og unge jenter i haust. Kvelden skal vere ei moglegheit til å snakke om tvil og tru. Denne kvelden leggast det til rette for å stille dei spørsmål ein ynskjer svar på når det gjeld tvil og tru. Det er inspirasjon frå Alphakurset som skal nyttast som inngangsport til samtale. Det heile startar tysdg 8. september i kyrkjekjellaren.
Rikke Grevstad Kopperstad er intervjua om undringkvelden i Herøy kyrkje. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
Salige visshet
I ord til ettertanke denne veka er det Torstein Walderhaug som deler sine tankar rundt songen Salige visshet. Han seier at bak kvar einaste linje ligg det Bibelske sanningar. Walderhaug vart sjølv ein kristen som 15-16 åring, og fortel at vissheita har han hatt sidan.
Søndagens tekst 6. september
I søndagens tekst for 6. september skal vi få høyre Matteus 5,38–48. Teksta handlar om å gjengjelde det onde med det gode. Høyr teksta bli lest av Randi Fagerhol Lauvås, og samtala om av Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, saman med Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre.
Molde Indremisjon 150 år
I helga skal Molde Indremisjon feire 150 år på Molde bedehus. Forsamlingsleiar Audun Vesetvik fortel til Radio Sunnmøre at dei har gledd seg lenge til feiringa. Det blir ein skikkeleg jubileumsfest gjennom heile helga med både mykje på programmet, kaker og snittar.
Regional Awana leiarkonferanse
Onsdag 9. september inviterer Awana til region leiarkonferanse i Pinsekirka konferansesenter på Moa. Runar Liodden fortel i intervjuet at det er fleire forsamlingar i regionen Møre og Romsdal som nyttar Awana -opplegget, og at ein no ynskjer å ha ei regional konferanse for leiarane.
Vestborg vidaregåande på samanristningstur
Mandag og tysdag denne veka er VG1 ved Vestborg vidaregåande skule på samanristningstur til Brusdalsheimen. Skulen startar året med heile 123 elevar etter ei rekordauke på søkartalet i vår. Lars Johan Stokken fortel til Radio Sunnmøre at dei no har to dagar på Brusdalsheimen for å bli betre kjend med kvarandre og med nokre av verdiane og måla for skuleåret.
Vi tok også ein prat med fire av dei ferske elevane Sara Emilie Steinshamn, Sigrid Valland, Mari Hauge og Amalie Kvalvik, om dei to fyrste vekene på internatskule.
Høyr heile innslaget på Radio Sunnmøre.
Han bærer gjennom alt
-Eg kjende på takksemd for kongen vi har hatt, seier Irene Krokeide Alnes i Kvardagspraten. Ho deler nokre av sine tankar om kong Harald som døde fredag 28. august.
Høyr kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
Crossyoga med Jesusmeditasjon
Jan Ketil Vinnes og Gunn-Ingrid Ulstein startar opp Crossyoga i Borgund menighet 9. september, som eit av ti kurskveldar. Crossyoga er ikkje ei terapigruppe, men eit kurs der ein kan utvikle sjølvfølelsen og/eller ein stad der ein kan kvile i Guds nærvær og la seg elske av han.
-Med Guds hjelp
– Med Guds hjelp og folkets støtte ser jeg fram mot den store oppgaven som ligger foran meg. Jeg ber om at vi alle samles om det gamle ønsket: Må Gud bevare landet vårt, sa H.M. Kong Haakon VIII i sin minnetale for kong Harald V.
Hjelp til folket i Ukraina
Den årlege Ukrainabasaren i Bedehuskirka Emblem blir laurdag 19. september. Kurt Andre Henriksen står i leiinga for Ukrainahjelpa og bidreg til både mat og varmekjelder til folket i Ukraina. Henriksen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om tilstanden for folket der no, og kva behova er.
Høyr heile intervjuet med Kurt Andre Henriksen.
Nytt frå Åpne Dører
Ny haust også for Åpne Dører, og Helge Åkerens er tilbake i organisasjonen i full stilling. Åkernes har vore i studio for å fortelje om kva som er status i arbeidet og kvifor arbeidet er viktig å halde fram i.
H.M. Kong Harald V er død
-Det er med dyp sorg vi meddeler at Hans Majestet Kong Harald i dag gikk bort. Kong Harald sovnet stille inn på Rikshospitalet fredag 28. august, klokken 06.35. Det melder Det Kongelige slott på sine heimesider i dag.
Ellingsøy bedehus 60 år
Søndag 30. august skal Ellingsøy bedehus feire 60 år. Leiar Trine Molnes Hestetun fortel at det blir ei skikkeleg gebursfeiring denne dagen. U-teamet (ungdomsteamet frå 12 år og oppover) skal vere forsongarar, og det blir songar frå tidlegare Sendebud. Det blir andakt og song av Marit & Irene, og det blir tilbakeblikk og stort kakebord.
Molnes Hestetun fortel i intervjuet om mykje av arbeidet som har vore på arbeidet gjennom seks tiår, og at det også i dag er eit stort barne -og ungdomsarbeid på Ellingsøy bedehus. Høyr heile intervjuet med Trine Molnes Hestetun.
Været er meir enn vær
I Ord til ettertanke denne veka er det Alfhild Ødegaard som deler nokre tankar om været. Ho fortel i dei ulike andaktene om korleis dei ulike værtypane kan minne oss om Gud og Jesus.
Høyr heile intervjuet og alle ord til ettertanke med Alfhild Ødegaard.
