Søndagens tekst 31. desember
I Søndagens tekst 31. desember, på sjølvaste nyttårsafta, høyrer vi frå Lukas 13, 6-9. Teksta handlar om fikentreet som ikkje bar frukt. I ein samtale med prost, Karl Johan Bjørge, snakkar vi om kva teksta inneheld og betyr.
Søndangens tekst 28. desember
I søndagens tekst 28. desember får vi høyre om då Josef, Maria og Jesusbarnet flykta frå Egypt. Høyr teksta frå Matteus 2, 13-15. I etterkant av tekstlesinga har vi ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.
Søndagens tekst 26. desember
I søndagens tekst, 26. desember, høyrer vi om barnemordet i Betlehem. Teksta blir lest frå Matteus 2, 16-23, og den handlar om då Herodes skjøna at vismennene hadde lurt han. Høyr teksta bli lest og samtala om i dagens episode.
La oss gå til Betlehem
I vekas ord til ettertanke er det Arild Ove Halås som delar sine tankar om Betlehem og det som skjedde der. Høyr alle fem andaktene med tittelen La oss gå til Betlehem.
Søndagens tekst 25. desember
I søndagens tekst 25. desember får vi høyre om opphavet og om då Gud vart menneske. Høyr teksta lest frå Johannes 1, 1-14 av Randi Fagerhold Lauvås. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om innhaldet i teksta.
Søndagens tekst 24. desember
I søndagens tekst 24. desember, på sjølvaste julaftan, får vi høyre om då Jesus vart fødd. Det er Lukas 2, 1-20 som blir lest av Randi Fagerhol Lauvås, og vi samtalar med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.
Frivilleg ved Frelsesarmeens julegryte
Ved Frelsesarmeen sin julegryte er det fleire frivillege som sit vakter kvar dag. Ved grya på Moa var det Jarle Sulebust frå Rotary som var frivilleg onsdag 17. desember. Helge Åkerenes tok ein prat med han om oppgåva han hadde teke på seg.
Landets nest eldste platebutikk i Ålesund
Midt i Ålesund sentrum ligg landets nest eldste platebutikk. LP-plater og CD-plater er populært og Bjørn Tore Jeppesen sel godt av begge deler. Helge Åkerens tok turen inn i butikken for å høyre litt kva som er julemusikken som blir handla.
Opplever at Gud snur motstand til det gode
Filmskapar Ole Andre Rønneberg held på å lage filmen Kommandør Frank. I eit intervju på Radio Sunnmøre deler Rønneberg si oppleving med kva Gud har vist han i arbeidet med denne filmen og om hans liv i tru.
Gud vil gå med deg
Denne uka er det pastor i Puls Ålesund, Anders Wiik som gir oss Ord til ettertanke her på Radio Sunnmøre.
Julekrybba på Moa
På kjøpesenteret Amfi Moa står ei julekrybbe i nær vaksen størrelse. Ved krybba møtte Helge Åkernes to handlande, Elisabeth Dyrøy og Willy Johansen frå Tennfjord, for ein liten prat.
Julemiddag på Evangeliesenteret i Ålesund
Onsdag 17. desember var det julemiddag på Evangeliesenteret i Ålesund med julemusikk, julemat og andakt på programmet. Radio Sunnmøre tok turen og fekk ein prat med kokken bak julemiddagen, Stein Rune Thorsen, og mannen bak songen, Håvard Storeide.
Røde kors hjelper mange familiar inn mot jul
I Kristiansund er det 160 familiar som har ytra ynskje om hjelp til jul med Røde Kors. Einsemda er større inn mot høgtidene, og økonomien blir trongare for mange. Inn mot jul delar Røde Kors rundt om i fylket ut matkasser og opplevingar til dei som treng det mest.
Søndagens tekst 21. desember
I søndagens tekst får vi høyre Marias lovsong. I ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, får vi høyre om kva denne lovsongen handlar om.
Det jula eigentleg handlar om
Det viktigaste Marit Stokken Berland tek med seg inn i ei julehøgtid er bodskapen om det som det eigentleg handlar om. Bodskapen om Jesus som vart fødd. Høyr årets siste Kvardagsprat.
Barmhjertighetens hus opna
I Ålesund opna Barmhjertighetens hus torsdag 11. desember. Det heile vart opna ved at ordførar Håkon Strand, og Karl Johan Skårbrevik, klipte over eit varmt skjerf, som skulle symbolisere varme og å det å ta vare på kvarandre.
Julebodskapen - gammalt nytt?
Julebodskapen. Vi har høyrd det før. Vi har sunget sangane før. Er ikkje julas bodskap om at Jesus vart fødd, gammalt nytt? Høyr vekas mediekommentar frå Tro & Medier med dagleg leiar, Rune Tobiassen.
Velkomen heim
I konseptet Velkomen heim ynskjer Viggo Klausen å invitere til å høyre om at Jesus finnes og invitere han heim. Dette er eit evangeliseringsopplegg han reiser land og strand rundt med.
Abort på kjønn skjer på norske sjukehus
Ny rapport frå Menneskeverd fortel at abortar no skjer på norske sjukehus på grunnlag av kjønn aleine. Radio Sunnmøre har tatt ein prat med generalsekretær i Menneskeverd, Maria Elisabeth Selbekk, som fortel at dei har fått direkte rapportar frå helsepersonell som fortel at kvinner no tek abort grunna kjønn aleine. Dette advarte Menneskeverd om i god tid før regjeringa endra grensa for sjølvbestemt abort frå 12 veker til 18 veker.
Salmane som bønebok
I Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre denne veka er det Randi Fagerhol Lauvås som tek oss gjennom det å bruka Salmane som ei bønebok.
