Bibel, bøn og takknemligheit
Denne veka handla programmet frå Åpne Dører om bibel, bøn og takknemligheit; – lærdommar frå forfulgte kristne. Det er Olaug Lillian Bjørke som leier programmet.
Når livet ramlar mellom to stolar
- Fram til eg var 18 år gamal var det vaksne som rusa seg, det var vald, det var seksuelle overgrep, og det var omsorgsvikt, fortel Camilla Brusdal. Tysdag 16. september lanserer ho boka I lyset der står jeg under arrangementet Når liver ramler mellom to stoler på Parken Kulturhus.
Ser ein vekkelse i media
Denne veka er det Petter Due-Tønnessen som held Mediekommentaren frå Tro & Medier. Tittelen på vekas kommentar er Jeg ser en vekkelse i mediene og den omtalar fleire av dei glimta i media Due-Tønnessen opplever som ein vekkelse i mediene.
Frivillig på Stedet
På Stedet, drive av Frelsesarmeen, er Anita Lillian Askevold frivillig. Stedet driv eit miljøarbeid der ein har eit godt miljø med ulike aktivitetar. Askevold er pensjonist i dag frå både kontor - og butikkarbeid. Ho er over 80 år og har vore engasjert i Frelsesarmeen sitt frivillige arbeid i mange år.
Ulike personar sitt forhold til Gud
Denne veka er det rektor ved Ålesund folkehøgskule, Sven Wågen Sæther, som held Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han snakkar i dei ulike andaktene om fem ulike personar frå Bibelen sitt forhold til Gud. Folk er ulike og kan kjenne seg igjen i ulike historier.
Hjelpearbeid i Kambodsja
Etter ein artikkel i Vårt land fekk Jan Løkkeborg ei interesse for Kambodsja. Løkkeborg og Arvid Ødegaard tok turen til landet og fekk på nært hald høyre historia til landet under Røde Khmer, og hjelpearbeidet og evangeliseringsarbeidet i notid.
Søndagens tekst 24. august
Søndagens tekst for 24. august handlar om å leve i sanninga for å kunne vere Jesus sin disippel. I ein samtale med prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund ser ein på kva søndagens tekst kan handle om.
Israel sett frå Noreg
-Noreg har eit tydelegare anti-Israel perspektiv enn medier i andre land, fortel Eyvind Volle at han opplever når han ser på nyheiter frå Noreg i forhold til andre lands medier.
Veldig klar for ein ny haust
Over 200 planter har Marit Stokken Berland planta i sommar, i tillegg til båtpussing og måling. Etter ein uvanleg praktisk arbeidande sommar er Stokken Berland klar for ein ny haust.
Elevrekord ved Møre barne -og ungdomsskule Ålesund
Det er i år rekordstor elevmasse med over 230 elevar ved Møre Barne -og Ungdomsskule Ålesund. Det er fyrste året skulen fyller alle trinn frå 1. klasse til og med 10. klasse.
Søndagens tekst 17. august
Søndagens tekst 17. august lesast frå Markus 11, 25-26. Det handlar om tilgivelse. I samtalen mellom prost Karl Johan Bjørge og redaktør Ragnhild Kristine Vartdal Espelund kjem det fram kva det å tilgi betyr og kvifor det er viktig å tilgi.
Lyttarbrev frå Radio Sunnmøre
Denne veka sender vi ut årets siste lyttarbrev frå Radio Sunnmøre. Dersom du har lyst å motta eit slikt brev frå oss tre gongar i året på epost eller per post, så ta kontakt med oss på post@radiosunnmore.no.
Tok imot Jesus under ein møteaksjon på Godøya
Som ungdom fekk Linda Austnes ta imot Jesus under ein møtaksjon på Godøya. Denne veka delar ho av si tru i Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre.
Klart for nytt skuleår på Sjøholt folkehøgskule
Sjøholt folkehøgskule er klar for eit nytt skuleår tysdag 23. august. Rektor Lars Johan Klokk fortel om ein flott sommarsesong og ser fram til eit nytt skuleår.
Nytt konsept på Bjorliheimen med ny eigar
Den nye eigaren til Bjorlieheimen Fjellhotell, Misjon Sarepta, ynskjer i haust å starte ein ny type bibelskule på Bjorli. Eit konsept dei vil overføre frå arbeidet sitt i Spania. Det fortel dagleg leiar, Arild Meberg.
Skapte merksemd om menneskeverd og helsehjelp
I sommar skapte Jan Oskar Alnes merksemd for menneskeverd og arbeidet i Papua Ny-Guinea, då han saman med vener sprang 500 kilometer og 14000 høgdemeter mellom Bergen og Oslo.
Berre stol på Gud
Hausten er fylt opp for Irene Krokeide Alnes. I Kvardagspraten får vi høyre henne fortelje frå Hermon sin Gla`sang veke og vi får ei helsing om å stole på Gud.
Ny serie om søndagens tekst
Denne hausten kjem Radio Sunnmøre med ein ny samtaleserie. Det er søndagens tekst vi skal samtale rundt, og det er er prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, og redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, som samtalar om teksta.
Ny haust på Radio Sunnmøre
Tysdag 12. august startar vi for fullt med nytt stoff og gode sendingar på Radio Sunnmøre. Fleire spanande seriar og nye stemmer blir å høyre på etaren i haust.
Kva gjer vi når alle stemmene slost om hjartet vårt
I vekas mediekommentar fortel Jarle Haugland om sin nye bok, Alle stemmene som slåss om hjertet ditt, og presenterer ein modell han håpar kan vere ein "fot i bakken" for oss i møte med skjermane.
