Frå Valderøya til Arendal
Halvard Hauge Roaldsnes vaks opp på Valderøya og er no pastor i Horisontkirka i Arendal. På Valderøya fekk han trua inn som ein naturleg del av kvardagen. Både på leira og søndagsskulen fekk han sådd frø som var gode å ha med seinare i livet.
Søndagens tekst 28. juni
Søndagens tekst er henta frå Matteus 7, 15-20, og handlar om falske profeter. I samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, snakkar vi om innhaldet i søndagens tekst.
Ein sommar i lag med Jesus
I siste kvardagsprat før sommaren med Marit Stokken Berland snakkar vi om å ha ein sommar saman med Jesus. Vi får høyre om bedehusfestivalen ho og Irene skal på denne veka, og om Lyngdal bibelcamp neste veke.
Ny utgivelse frå Lekfolket
Lekfolket har kome med ny utgivelse, og det er Lars Egil Obrestad som står bak dette. Obrestad har gitt gamle evangeliske tekstar ny musikk ved å bruke kunstig intelligens. Det sentrale er innhaldet i songane og bodskapen dei formidlar.
Oppdatering frå støttegruppa til Suel
Støttegruppa til Suel Kasembo har med seg tidlegare ordførar i Herøy, Bjørn Prytz, som engasjerer seg sterkt i saka til Kasembo. I eit intervju med Prytz får vi høyre ei statusoppdatering i saka til Kasembo.
Spjelkavik ungdomsskule på vandring i nærmiljøet
Denne veka var 8. klasse ved Spjelkavik ungdomsskule på historisk vandring i Spjelkavik sentrum. Då kom dei også innom Radio Sunnmøre, som er ein del av sentrum.
Klart for sommerstevne for Himalpartner
Helga 25. juni - 28. juni er det klart for sommerstevnet til Himalpartner på Ålesund folkehøgskule. Åge Birger Hofseth har nyleg kome tilbake frå Nepal for å besøke møbefabrikken i jungelen der, og vi får høyre meir frå turen på Radio Sunnmøre.
Kafètreff i Volda misjonsforsamling
I dag er det kafètreff i Volda misjonsforsamling sine lokaler. Det er ein stad der ein kan kome å kjøpe seg rimeleg kaffi og mat, og ha det litt kjekt i lag. Randi Hamre er med som arrangør og i dag har ho invitert ein hemmeleg gjest.
Frå USA til Waldehuset for å guide turistar
-Vi elsker denne historia, og vi trur det er viktig å fortelle andre kva Gud har gjort her. Det er veldig viktig fordi vi er kristne. Og vi elsker, elsker, elsker å gjere det, seier Mickey Bambrick om kvifor dei kjem til Norge kvart år for å guide i Waldehuset gratis. Høyr intervjuet med ekteparet Kåre Slaathaug og Mickey Bambrick.
Søndagens tekst 21. juni
-Kva skal eg gjere for å arve evig liv, spør ein mann Jesus i søndagens tekst. Teksta handlar om den rike mannen og her henta i frå Markus 10, 17-27. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti om teksta.
Møreskulen Skodje flyttar til Sjøholt
Møre barne -og ungdomsskule Skodje startar til hausten med planlegging av nytt skulebygg på Sjøholt folkehøgskule sin tomt. Rektor Hilde Renate Sæthre Nes ser no løysinga på nokre år med uvisse for skulen.
Engasjerande årsmøte i Imf Sunnmøre
Laurdag 13. juni var det årsmøte for Imf Sunnmøre på Ålesund folkehøgskule. Det var 70 stemmeberettiga delegatar til stades, og det var fyrste årsmøtet for den nye krinsleiaren Lars Petter Ødegaard. Vi tok ein prat med krinsleiar Ødegaard, nyvalde til krinsstyret Svein Folde, og delegat Oddveig Molnes.
Påfyll i ferietid
Leir, bibelcamper og stevner er noko av det sommaren byr på rundt om i landet vårt. Det er mange moglegheiter for å halde trua ved like også i ferietid. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
Nytt salmeprosjekt på nynorsk
Fredag kom den første salmen i prosjektet SALMIST, på nynorsk, der alle dei 150 salmane i Bibelen skal få musikalske tolkningar. Vi har tatt ein prat med komponist John Vegard Schow.
Fem nye truande til Immanuelkyrkja
Pastor Eyvind Volle fortel til Radio Sunnmøre at det er eit lyspunkt i krigen når nye kristne kjem til Immanuelkyrkja. Ekteparet Volle er for tida på studiepermisjon i Hellas og vi har tatt ein prat med Eyvind for å høyre litt om dagens status på både politikk og arbeidet i kyrkja.
Sommaravslutning på Karaquiz i Langevåg
Tysdag 9. juni var det sommaravslutning på Karaquiz i Langevåg. Helge Åkernes tok turen og fekk ein prat med Thor Hurlen, Rune Molvær og Bjørn Tusvik.
100 års markering etter Arnold Eidslott
Onsdag 10. juni var det jubileumsmarkering 100 år etter Arnold Eidslott sin fødselsdag. Eidslott var ein kjend poet frå Ålesund, og arva etter han har gått vidare. Guttorm Eidslott, son av Arnold, var tilstades på markeringa. Radio Sunnmøre fekk ein prat med Guttorm Eidslott i etterkant
Siste Gospelchurch før sommaren
Til helga er det siste Gospelchurch med Aalesund gospelkor før sommaren. Vi har tatt ein prat med dirigent Vidar Åsebø.
Marta og Maria
Denne veka er det Karl Arne Austnes som held ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Andaktene tek oss gjennom kven Marta og Maria var og kva vi kan lære av dei.
Søndagens tekst 14. juni
I søndagens tekst handlar det om det store gjestebodet. Teksta som blir lest er Lukas 14, 15-24. Vi tek ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om søndagens tekst.
