Nominert til brageprisen
-Det var ei veldig stor overrasking for meg, for Brageprisen er den mest prestisjetunge prisen ein kan få for litteratur i Noreg. Så det er veldig stas, seier Aud Farstad til Radio Sunnmøre.
Søndagens tekst 23. november
Søndagens tekst er henta i frå Johannes 9, 39-41. Det er Domssøndag i kyrkjeåret og teksta handlar om dei som ser, som skal sjå, og dei som ikkje ser, som skal bli blinde. Høyr samtalen mellom Karl Johan Børge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre, om kva søndagens tekst handlar om.
Presidentbesøk på TOVA i Mongolia
Fabrikken TOVA i Mongolia fekk nyleg presidentbesøk. Fabrikken som har eksportert ullprodukt til Noreg i snart 20 år og som hjelp menneske vekk frå alkoholisme og arbeidsledighet. Høyr den sterke historia til Margunn og Ingar Eide.
Vanskelegare å nå nye i Japan
Det er vanskelegare å drive kirke i Japan enn i Noreg fortel Inger Valbø. Ho er utsending for Misjonssambandet i Japan og er ute i sin femte periode. Då ho var heime sist arbeidde ho i Den Norske Kirke som kyrkjelydspedagog, og då kunne ho invitere døypte born inn i kirka til ulike arrangement, samt dei som ikkje var døypte.
Populære KRIK leirar over heile landet
-Vi har eit ynskje om å vere ei bru mellom idrett og menighet, fortel Magnus Kolbjørnsgard, markeds -og kommunikasjonsleiar i KRIK. Nyttårsleiren EXPLORE har rekordpåmelding og fleire sunnmøringar har meldt seg på.
-Vi må ha forventning
-Vi må ha forventning om at Jesus møter dei som kjem no og, seier Marit Stokken Berland. Ho og Irene Krokeide Alnes skal tilbake til Brusand der dei i 2003 haldt møteveker 10 veker på rad.
Inspirert på Haugekonferansen
Helga 7. -9. november deltok Odd Christian Stenerud på Haugekonferansen i Bergen. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel han inspirert frå helga.
Ny krinsleiar i IMF Sunnmøre
Lars Petter Ødegård (36) er tilsett som ny krinsleiar i ImF Sunnmøre. Han startar i 30 % frå 1. januar og i 100 % frå 6. april 2026. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.
Songhelg på Valderøy bedehus
Til helga blir det songhelg på Valderøy bedehus med Valderøykvartetten og Morten Samuelsen. Det heile startar fredag kveld og avsluttast søndag føremiddag.
Evangeliet om Jesus
I vekas Ord til ettertanke er det Per Ola Godø som delar sine tankar om å dele evangeliet om Jesus.
Arbeidskarane i Aksla Vel
Det sosiale og det å ha eit arbeid å gå til er drifkrafta for dugnadskarane i Aksla Vel. Arbeidsvilje og ei kort lunsjpause er viktig for pensjonistane som står på for turistar og turgåarar.
Israel opnar for turistar
Plussreiser får på ny arrangere turar til Israel etter at reiseråda opna igjen for det fredag 7. november. Reiseselskapet har fem turar klare rett over jul og påmeldingane har allereie starta. Dagleg leiar i Plussreiser, Aud Kindervåg Halsne, fortel til Radio Sunnmøre at fyrste tur går i februar.
Stjernedryss i advent
Desember nærmer seg med stormskritt, og det gjer også Stjernedryss i advent. Også i år arrangerer ImF Sunnmøre dette arrangementet seks kvelder på rad. I år er det Randi og Arild Ove Halås, Rune Sæther, og Sarah og David Åstrøm som blir med på alle dryssa.
Søndagens tekst 16. november
Den dagen og timen kjenner ingen, ikkje englane i himmelen og heller ikkje Sonen, berre Faderen, står det i søndagens tekst. Høyr samtalen med prost Karl Johan Bjørge i vekas episode av Søndagens tekst.
Brennande engasjement for misjon
I Kvardagspraten denne veka fortel Irene Krokeide Alnes om sitt brennande engasjement for misjon og ei naud ho har for menneska rundt seg.
-Ver alltid klare til å svare
Rune Tobiassen, leiar for Tro & Medier, fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre at trusforsvar handlar ikkje berre om å alltid stå i forsvar, men om å svare på spørsmåla med alle dei gode grunnane ein har for å vere ein kristen.
Etter konserten med Arvid Pettersen
Fredag 7. november var det konsert på Ålesund folkehøgskule med Arvid Pettersen med band. Åndelige viser var tittelen på konserten og i etterkant tok reporter Helge Åkerenes ein prat med Arvid Pettersen og trommis Rune Solheim.
LItteratur i Andeby
Tysdag 11. november kjem Alf Kjetil Walgermo til Kyrkjetorget på Sjøholt for å fortelje om den ferske boka Litteratur i Andeby. Høyr intervjuet på Radio Sunnmøre.
Livet på Nordvestlandet folkehøgskule
I år er det vel 60 elevar ved Nordvestlandet folkehøgskule, tidlegare Høgtun, og rektor Bjarte Grøteide fortel om eit godt miljø og aktive elevar.
Markering av krystallnatta i Ålesund
Søndag er det minnemarkering av krystallnatten i Ålesund ved Paviljongen. Det blir fakkeltog gjennom sentrum, foredrag ved Per Arne Vatnøy og minnemarkering. Vi har tatt ein prat med leiar for MIFF Sunnmøre, Marit Heggen Stokke, om markeringa.
