Søndagens tekst 8. februar
Søndagens tekst er henta frå Matteus 17, 1-9 og handlar om då disiplane får sjå Jesu herlegheit. Det er Kristi forklarelsesdag denne søndagen. Vi les teksta og tek ein prat med prost Karl Johan Bjørge om innhaldet i teksta.
SKRUK på miniturnè
Fredag 6. februar skal SKRUK har konsert i Ålesund kyrkje, og det er starten på ein liten turnè. Svein Ola Lillestøl, tenor, fortel at koret tek ein liten turnè frå Ålesund fredag til Kristiansund laurdag, og avsluttar i Molde på søndag.
-Gle dykk alltid i Herren
-Gle dykk alltid i Herren, deler Irene Krokeide Alnes i vekas kvardagsprat. Basar med Hummerteiner på gevinstlista, og søndagsmøte på Emblem er noko som står på kalenderen. Og vi tek ein prat om den urolege tida rundt kongehuset vårt.
Frå Sunnmøre til Drøbak
I serien utflytta sunnmøring har vi denne gong tatt ein prat med Jenny Marie Ågedal, født Gamlem, og vakse opp på Åse i Ålesund. Ho bur i dag i Drøbak og jobbar som kateket.
På formiddagstreff i Bedehuskirka Emblem
Torsdag 29. januar var Radio Sunnmøre på besøk på formiddagstreffet i Bedehuskirka Emblem. "Hode, skulder, kne og tå", viser og salmer, dele eit måltid med andre og ei andakt, er noko av det som stod på programmet.
Ein tredjedel lyttar til Radio Sunnmøre
Heile 35% av dei som lyttar til lokalradio på Sunnmøre, lyttar til Radio Sunnmøre. I tillegg nådde den kristne lokalradioen fleire tusen via heimeside, podkast og sosiale medier.
Impuls i Molde bedehus
Første helga i mars, 6. -8. mars, arrangerast Impuls i Molde bedehus. Dette er eit ungdomsarrangement for 8. klasse og oppover, og i fjor var det over 200 ungdomar som var innom helga. Lovsongsteamet for helga kjem frå Impuls Trondheim.
Frå mørke til lys
Denne veka er det Magne Arild Torgersen som har ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. I vekas andaktar delar han nokre tankar om det å gå frå mørke til lys. Høyr alle andaktene og intervjuet på Radio Sunnmøre.
Søndagens tekst 1. februar
Søndag er søndagens tekst henta i frå Lukas 8, 4-15 og handlar om lignelsen om såmannen. I ein samtale med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, tek vi ein prat om kva søndagens tekst handlar om og kva det kan bety for oss i dag.
Drop-in bryllaup på valentinsdagen
Harøy kyrkje er den mest populære kyrkja, når også kyrkjer i Møre og Romsdal tilbyr drop-in bryllaup på sjølvaste valentinsdagen. Det viktigaste ein treng er å ha ein å gifte seg med. Høyr intervjuet med Maria Vassli Gjære og Solfrid Harøy.
Kallar inn til ekstraordinært årsmøte
ImF Sunnmøre kallar onsdag 11. februar medlemmane inn til eit ekstraordinært årsmøte. Ny eigarstruktur/sal av Orreneset misjonssenter står på sakslista.
Markering av Holocaustdagen i Ålesund
På Holocaustdagen 27. januar arrangerer Ålesund kommune ei markering av dagen fleire stadar i byen. Markeringa omfattar avduking av minneplakett, utstilling på Aalesund museum og bokbad med Dag Steinfeld på Ålesund bibliotek.
Takknemleg etter to møteveker
Marit Stokken Berland kjenner på ei takksemd etter møtevekene ho har fått vore med på no i januar. Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland på Radio Sunnmøre.
Kveldsbøn og kveldssong på Hareid bibliotek
Tysdag 27. oktober blir det litteraturkveld på Hareid bibliotek der kveldssongar og kveldsbøner er i fokus. Gunn Berit Gjerde er det som har invitert til kvelden og Radio Sunnmøre har tatt ein prat med henne.
Utfordrar sunnmøringen til å be i 2026
Heile Norge ber er ein aksjon som skal vare gjennom heile året 2026. Det er eit tverrkyrkjeleg bøneprosjekt der ein skal be gjennom heile året. Geir Langen i Frikirka utfordrar sunnmøringane til å bli med.
Jesuskvinner med kreativ cafè
Mandag 26. januar inviterer Jesuskvinner til samling med kreativ cafè i Pinsekirka på Moa. Skaperglede står på agendaen og ein oppfordrast til å ta med noko å sysle med til kveldsmaten.
Rapport frå Møre Barne -og ungdomsskule Ålesund
- Prosjektet eg var skeptisk til er i ferd med å bli ein superspanande arena der born har ein skule der tru har ein plass, seier Svein Ola Lillestøl, assisterande rektor ved Møre Barne -og Ungdomsskule Ålesund i Hateleholen.
Lyset i mørketida
I mørketida, som vinteren er, ynskjer Gudrun Longva å dele nokre tankar om lyset. Det er ho som held Ord til ettertanke gjennom heile veka på Radio Sunnmøre denne veka.
Blikk på World Watch List 2025
Den 14. januar vart World Watch list 2025 lansert. Lista over landa i verda der det er flest forfulgte kristne. Ole Petter Erlandsen, fagleg leiar i Åpne Dører, har blitt intervjua av Radio Sunnmøre om lanseringa av lista for 2025.
Støttekonsert for Suel i Herøy kyrkje
Onsdag 11. februar kjem Trygve Skaug til Herøy kyrkje for å halde støttekonsert for Suel. Suel har vore i kyrkjeasyl i to år og i Noreg sidan 2004.
