Fleire døypt i Immanuelkirka i Tel Aviv
Det er no opp om sju personar som døyper seg i året i Immanuelkirka i Tel Aviv, og pastor Eyvind Volle fortel at det har endra seg frå å vere kanskje ein i året. Det er ei høgare tilstrøyming til kyrkja og ei større interesse for den kristne tru.
Gud gløymer oss ikkje
I kvardagspraten denne veka får vi høyre om en Gud som ikkje gløymer oss på lik linje med ei mor som ikkje gløymer sitt nyfødde born. Vi får høyre om ein fantastisk basar på Alnes, og om eit flott møte på Emblem.
Fantastisk kveld på Gomerhuset Skodje
Det var eit fantastisk frammøte av rundt 300 menneske i Gomerhuset på Skodje søndag ettermiddag, då Radio Sunnmøre inviterte til ei temasamling om Sannhetens pris. Høyr intervju med fleire av dei frammøtte.
Gratis onsdagskonsertar på Brosundet hotell
Kvar onsdag held Brosundet hotell konsertar med ulike lokale aktørar. Onsdag 4. februar var det Ole Andreas Høyberg og Kåre Skare Lystad som haldt konsert.
Brennsnutkonsert på valentinsdagen
På sjølvaste valentinsdagen, laurdag 14. februar, arrangerer Skodje kyrkjekor brennsnutkonsert. Vi har tatt ein prat med Kari Grindvik om dette arrangementet.
Mindre bekymringar og eit enklare liv
Eit liv med mindre bekymringar kan gje deg ei enklare reise seier Joakim Solbakken som har Ord til ettertanke for oss denne veka.
Sal av Orreneset må utgreiast vidare
Det ekstraordinere årsmøtet i ImF Sunnmøre onsdag 11. februar ynskja ei betre utgreiing på det juridiske ved eit eventuelt sal av Orreneset misjonssenter. Av 75 utsendingar stemte 46 for ei betre utgreiing til eit nytt årsmøte i slutten av april.
Nyter fineveret og isen på Sunnmøre
Isfiske, skeisser og tur i sola er noko fleire sunnmøringar har testa ut i den kalde vinteren siste månaden. Helge Åkerenes tok turen ut og møtte nokre av desse rundt Lillevannet.
Søndagens tekst 15. februar
I vekas episode av Søndagens tekst, skal vi høyre teksta som blir lest i kyrkja på fastelavnssøndag. Vi tek ein prat med prost i Nordre Sunnmøre prosti, Karl Johan Bjørge, om innhaldet i teksta. Det er Randi Fagerhol Lauvås om les teksta.
God stemning med Aalesund gospelkor
I helga var det Aalesund gospelkor som drog i gong eit masschoir, saman med Aina og Aril Schøl på Pinsekirka Moa. I etterkant av konserten tok reporter Helge Åkerens ein prat med både tilskuarar, songarar og musikarar, og stemninga kan ein ikkje klage på.
"Sannhetens pris" på Gomerhuset
-Kva kostar det å stå for dei kristne verdiane, er tema når Radio Sunnmøre inviterer til ein ettermiddag på Gomerhuset i Skodje søndag 15. februar. Hovedgjest er partileiar for KrF, Dag Inge Ulstein, som har møtt både kritikk og positivitet etter at han vart klarare på dei kristne verdiane landet vårt er bygd på.
Møteveke er ikkje utgått på dato
Forrige veke var Marit Stokken Berland, og ektemannen Jarle, i Volda og haldt møter. I Kvardagspraten fortel Marit oppglødd om den veka der frelsesglede var eit samlande ord for møta. Stokken Berland fortel også at det å ha ei møteveke ikkje er gått ut på dato.
Håp gjennom sinnet sine svingningar
Tysdag, onsdag og torsdag kjem Helge Ferstad til Sunnmøre med temakveldar om håp gjennom sinnet sine svingningar. Han skal til Emblem, Skodje og Vigra, og Radio Sunnmøre har fått høyre litt om kva kveldane skal handle om.
Klart for Mini-leir på Brusdalsheimen
Helga 28. februar til 1. mars er det klart for årets fyrste minileir på Brusdalsheimen, og det skal også arrangerast ein 11. -12. april.-No er det to minileirar denne våren, fortel Hilde Giske Lukkedal, som har vore med på desse leirane i ei årrekke.
Tårnagent i Ellingsøy kyrkje
I helga var det Ellingsøy kyrkja som inviterte 2. og 3. klassingar til å vere tårnagenter, og 14 agentar meldte sin interesse. Radio Sunnmøre var tilstades og tok ein prat med ungdomspresten, Christian Siejak, og fire av agentane som deltok, Benjamin, Leander, Emil og Sebastian.
To nye barnekor i Sula frikirke
I januar i år starta det to nye barnekor i Sula frikirke. Vi har tatt ein prat med Frida Havnegjerde Messinger, barne -og ungdomsarbeidar, om oppstarten av to nye barnekor. Høyr heile praten på Radio Sunnmøre.
Å ha eit anker i livet
Denne veka er det Gro Hofseide som har Ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. I dei fem andaktene snakkar ho om å ha eit anker i livet, og for henne sjølv handlar det om trua på Jesus. Høyr heile praten og andakten på Radio Sunnmøre.
Den Indre Sjømannsmisjon på tokt
På nyåret er Den Indre Sjømannsmisjon på tokt langs Mørekysten. Andre Sætre, krinsleiar på Sunnmøre, fortel om korleis organisasjonen løyser årets tokt etter at dei måtte selje sin eigen båt i 2025.
Gospelhelg med Aina og Aril Schøld
Til helga er det gospelhelg med Aalesund gospelkor, og Aina og Aril Schøld. Sistnemnte har Radio Sunnmøre tatt ein prat med om bakgrunnen dei har frå eige gospelkor i Stavanger, og erfaringane dei tek med seg for å inspirere fleire songglade i eit Masschoir i Ålesund til helga.
Dugnadsleir på Bjorliheimen fjellhotell
På Bjorliheimen Fjellhotell arrangerer dei nye eigarane dugnadsleiarar både vår og haust. Det er misjonsorganisasjonen Misjons Sarepta som overtok drifta av hotellet i 2025, og driv det vidare med misjon i fokus.
