Crossyoga med Jesusmeditasjon
Jan Ketil Vinnes og Gunn-Ingrid Ulstein startar opp Crossyoga i Borgund menighet 9. september, som eit av ti kurskveldar. Crossyoga er ikkje ei terapigruppe, men eit kurs der ein kan utvikle sjølvfølelsen og/eller ein stad der ein kan kvile i Guds nærvær og la seg elske av han.
-Med Guds hjelp
– Med Guds hjelp og folkets støtte ser jeg fram mot den store oppgaven som ligger foran meg. Jeg ber om at vi alle samles om det gamle ønsket: Må Gud bevare landet vårt, sa H.M. Kong Haakon VIII i sin minnetale for kong Harald V.
Hjelp til folket i Ukraina
Den årlege Ukrainabasaren i Bedehuskirka Emblem blir laurdag 19. september. Kurt Andre Henriksen står i leiinga for Ukrainahjelpa og bidreg til både mat og varmekjelder til folket i Ukraina. Henriksen fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om tilstanden for folket der no, og kva behova er.
Høyr heile intervjuet med Kurt Andre Henriksen.
Nytt frå Åpne Dører
Ny haust også for Åpne Dører, og Helge Åkerens er tilbake i organisasjonen i full stilling. Åkernes har vore i studio for å fortelje om kva som er status i arbeidet og kvifor arbeidet er viktig å halde fram i.
H.M. Kong Harald V er død
-Det er med dyp sorg vi meddeler at Hans Majestet Kong Harald i dag gikk bort. Kong Harald sovnet stille inn på Rikshospitalet fredag 28. august, klokken 06.35. Det melder Det Kongelige slott på sine heimesider i dag.
Ellingsøy bedehus 60 år
Søndag 30. august skal Ellingsøy bedehus feire 60 år. Leiar Trine Molnes Hestetun fortel at det blir ei skikkeleg gebursfeiring denne dagen. U-teamet (ungdomsteamet frå 12 år og oppover) skal vere forsongarar, og det blir songar frå tidlegare Sendebud. Det blir andakt og song av Marit & Irene, og det blir tilbakeblikk og stort kakebord.
Molnes Hestetun fortel i intervjuet om mykje av arbeidet som har vore på arbeidet gjennom seks tiår, og at det også i dag er eit stort barne -og ungdomsarbeid på Ellingsøy bedehus. Høyr heile intervjuet med Trine Molnes Hestetun.
Været er meir enn vær
I Ord til ettertanke denne veka er det Alfhild Ødegaard som deler nokre tankar om været. Ho fortel i dei ulike andaktene om korleis dei ulike værtypane kan minne oss om Gud og Jesus.
Høyr heile intervjuet og alle ord til ettertanke med Alfhild Ødegaard.
Søndagens tekst 30. august
I søndagens tekst handlar det om arbeidarane i vingården. Teksta er hente i frå Matteus 20, 1-16. Høyr samtalen mellom Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, redaktør i Radio Sunnmøre, om innhaldet i teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.
Emblemsfjellet Opp
Det blir Emblemsfjellet opp også denne hausten. Helge Åkernes er tilbake i full stilling i Åpne Dører, og løpet er eit arrangement Ålesund Løpevenner har saman med Åpne Dører. Arrangementet har formålet å informere om situasjonen til forfulgte kristne, og pengane som kjem inn på løpet går til Åpne Dører.
Plussreiser går inni høgsesongen
Haust og vinter er høgsesongen for det kristne reiseselskapet Plussreiser. Leiar for Plussreiser, Kurt Andre Henriksen, fortel om at reiseselskapet har ganske god påmelding på dei planlagte turane no til hausten og vinteren.
Ønskje om fornying
Søndag skal Marit Stokken Berland, saman med Irene Krokeide Alnes, delta på Ellingsøy bedehus sin 60 års feiring. Dei skal vidare halde fram med møteveke på dette bedehuset frå tysdag 1. september. Stokke Berland håpar vi kan gå inn i hausten med eit ønskje om fornying.
Utfordringar med nytt renseanlegg
På Frænabu misjonssenter er i ein litt spesiell situasjon for tida sidan dei no har bytta eit renseanlegg som ikkje er godkjent. For tida arbeidar dei med korleis dei kan halde fram som før, og har tru for at det skal ordne seg for vidare drift medan dette pågår. Det er Olav Jan Bø Demdal som fortel om situasjonen for den populære leirstaden.
Vellukka UL i Lyngdal
Sommarens Ungdommens landsmøte (UL) i Lyngdal vart eit vellukka arrangement. Det fortel Andreas Furnes, leiar for Misjonssambandet Ung. UL vart i år arrangert i Lyngdal og arrangerast av Indremisjonsforbundet og Misjonssambandet. Fleire hundre ungdomar frå heile landet var samla på ein liten plass med ulike aktivitetar, seminar, møter og lovsong.
Høyr heile intervjuet med Andreas Furnes, leiar for Misjonssambandet Ung.
Oppfriskning i Radio Sunnmøre
Ny haust gir nye moglegheiter. Radio Sunnmøre har nytta sommaren til å lage nye og friske heimesider, og ei oppfriskning av logoen vår. Vi håpar du vil like begge deler.
Leiarkonferansen 2026
Videre er temaet for årets leiarkonferanse til Indremisjonsforbundet på Staume forum 6. -8. november. Vi har tatt ein prat med arrangementsansvarleg Kenneth Foss.
Ny start og nye moglegheiter
I Ord til ettertanke denne veka er det Olaug Lillian Bjørke som deler med oss tankar rundt ein ny start. Ho brukar skulestartveka som eksempel og knyttar den til våre liv og kvardagen i livet med Jesus.
Høyr heile intervjuet og andaktene Olaug Lillian Bjørke deler denne veka.
Søndagens tekst 23. august
I Søndagens tekst får vi høyre evangelieteksta henta i frå Matteus 25,14–30, og det er lignelsen om talentane vi får høyre. Vi samtalar med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti om innhaldet i teksta.
Inspirasjonsdagar på Bjorli
Det blir inspirasjonsdagar med Normisjon på Bjorliheimen 27. -30. august. Gunnar Kolflåt gler seg til helga og fortel meir om dei på Radio Sunnmøre.
Stol på han
Ferie og sommar er over og vi høyrer i kvardagspraten korleis Irene Krokeide Alnes har hatt det. Det har vore både bibelcamper og bubiltur på Krokeide Alnes.
ImF trussamfunn kan miste sin godkjenning
Statsforvalteren i Agder har vedteke å trekke tilbake godkjenninga til ImF Trussamfunn som trussamfunn. - Vi vart overraska, fortel Jarle Haugland, generalsekretær i Indremisjonsforbundet.
