Nytilsett Barne -og familiearbeidar i Imf Ung Sunmøre
Frå hausten av skal Olaug Lillian Bjørke starte i Imf Ung Sunnmøre som Barne -og familiearbeidas med fokus på leir, Awana og familiemøter.
Aafksupporter og pastor
Nytilsett pastor ved Blindheim bedehus, Nikolai Sundklakk, er også sjefstrommis i Aafk sin supportergjeng. I ein samtale med Sundklakk på Radio Sunnmøre får vi høyre om korleis supporterengasjementet kom til. Vi får også høyre korleis han miksar fotballengasjementet med pastorrolla.
Har lært Romerbrevet utanatt
Torbjørn Øygard er 58 år og vaks opp i Eikelandsosen utanfor Bergen. Han er bygningstømrar og har dei siste åra arbeidd som driftsleiar. Det heile starta med at han skulle vogge den yngste dottera i søvn og då starta han å pugge eit vers eller to frå 1. Korinterbrev. No har han lært heile Romerbrevet utanatt.
Søndagens tekst 22. mars
I søndagens tekst for 22.mars les vi teksta Lukas 1, 26-38. I kyrkjeåret er det Marias bodskapsdag, og i ein samtale med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, får vi høyre om kva søndagens tekst handlar om.
Rett Kurs med ny plate
Nyleg kom Rett Kurs ut med ei ny plate, også denne gongen på CD i tillegg til digitale plattformer. Gruppa har halde på i 47 år og var nyleg på Sunnmøre og song. Den nye plata har fått tittelen Perleporten og er songar som går rett inn i bedehushjartet.
Påskens bodskap det mest kraftfulle
I Kvardagspraten tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes. Kristent radioarbeid og tv-arbeid blir fort eit samtaleemne når det er RadioGiv som pågår på Radio Sunnmøre denne veka. Vi er også innom påska og palmehelga sitt bodskap, som nærmar seg raskt.
Ørsta Ungdomsskule arrangerer kafè for NSP Aid
Onsdag ettermiddag arrangerer 9. klasse ved Ørsta Ungdomsskule, i valfaget Innsats for andre, kafè. Forrige veke hadde dei bakedag og inntekta skal gå til North South Partnership Aid sitt arbeid i slummen i Kenya.
Håpskveld i Engesetdalen med Norea
Torsdag kjem Elisabeth Lillebø Sæth til Misjonshuset i Engesetdalen og skal halde håpskveld. Denne veka er ho og ektemannen Jostein på turne på Sunnmøre med Norea, og har vore på alt frå krinskorøving til husmøter til håpskveld.
Nytt leiarkurs for ungdom og Awanaopplæring
Dei neste helgane arrangerer ImF Ung Sunnmøre både leiarkurs for ungdom og Awanaopplæring. Miriam Mulelid, leiar for Imf Ung Sunnmøre fortel om dei nyoppretta kursa på Radio Sunnmøre.
Møretrimmen i Engesetdalen
Kvar veke samlast ein gjeng til trim, mat og for å løyse ulike verdsproblem, i Engesetdalen. Det er Jarle Ekroll som startar Møretrimmen og samlar kvar veke ein god gjeng for aktivitetar i ulike årstider.
Delar tankar frå Efeserbrevet
Denne veka er det Odd Asbjørn Nybø som delar ord til ettertanke på Radio Sunnmøre. Han har tatt utgongspunkt i Efeserbrevet i sine andakter. Høyr heile intervjuet med Nybø på Radio Sunnmøre.
Basarhelg på Brattvåg bedehus
Til helga blir det basar heile helga på Brattvåg bedehus. Det heile startar fredag med korsong av Sunnmørsgutane, festkoltbord og loddsal. Laurdag er det ein meir barnevennleg basar med barnekor, gratis mat til borna, tombola og åresal på føremiddag, og ettermiddagstreff seinare på dag. Høyr intervjuet med Gudrun Longva om helgas arrangement.
Søndagens tekst 15. mars
Søndagens tekst er henta i frå Lukas 11, 45-53 og handlar om planane om å drepe Jesus. Jesus gjorde under og fleire vart uroa over dette. Det gjorde at øverprestane og farisearane starta prosessen med å legge planar om å drepe Jesus.
Plussreiser sin Israelsgruppe på veg heim
Plussreiser sende fyrste gruppe på fleire år til Israel den 27. februar, og dagen etter braut det ut krig i Midtausten. Gruppa har i store delar av turen opphaldt seg på hotellet og i bomberom, men med god oppfylging av reiseteamet og reiseselskapet. No er heile gruppa på veg heim til Noreg
Eldsjelene finnast enno
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Marit Stokken Berland som er imponert over alle eldsjelene rundt om i landet, som står på for å vinne fleire sjeler til Jesus.
Går ikkje vidare med sal av Orreneset Misjonssenter
Krinsstyret i ImF Sunmøre har slutta å ikkje gå vidare med prosessen om eit eventuelt sal av Orreneset Misjonssenter. Dette er gjort etter ynskje frå og i samråd med dei som var aktuelle kjøparar.
Vestborgelevar på prøve-VM i Falun
I starten av mars var nokre elevar frå Vestborg vidaregåande på Stranda, saman med lærar Lars Johan Stokken, på rekogniseringstur til prøve-VM i Falun. Vi tok ein prat med lærar Lars Johan Stokken og dei to elevane Leander Nygaard og David Lundanes om det det har fått og skal få oppleve.
Føremiddagstreff på Valderøy bedehs
Ein gong i månaden møtast ein god gjeng i kjellaren på Valderøy bedehus til føremiddagstreff. Fyrste tysdag i mars var Radio Sunnmøre invitert til å dele om arbeidet og dele ei andakt. Vi tok ein prat med Anbjørn Walderhaug i etterkant av samlinga.
Ny dagleg leiar i Harilastiftelsen håp
Frå 1. september går Peder Arne Almedal inn i Harilastiftelsen Håp som dagleg leiar. Dei siste åra har han vore krinsleiar i Lys over land.
Norwegian gospel voices på påsketurne
I påska kjem Norwegian Gospel Voices på sunnmørsturne. Ein konsert koret ynskjer å dele sterke forteljingar og songar om håp, forsoning og nytt liv. Vi har tatt ein prat med styreleiar Mathilde Sofie Gidske om koret og om konsertane.
