Radio Sunnmøre søker journalist
Vil du kombinere journalistikk med din kunnskap om tru og livssyn? Vi søker ein kreativ og dyktig journalist som delar vårt kristne verdigrunnlag og har lokalkunnskap om Sunnmøre.
Kvardagspraten med irene
I Kvardagspraten denne veka tek vi ein prat med Irene Krokeide Alnes om påska. Kvar dag og kvar veke får vi feire at Jesus har stått opp, og i påska var det mykje folk på påskemøter rundt omkring på Sunnmøre.
Unge Hender hjelp for eldre
Unge Hender er ei bedrift starta av David Fjørtoft Dalheim (17), som hjelper eldre og gir ungdom arbeidserfaring. David Fjørtoft Dalheim starta bedrifta som ei ungdomsbedrift for å gje ungdom ei arbeidserfaring for å kunne kome seg ut på arbeidsmarknaden.
Søndagens tekst 2. påskedag
Søndagens tekst 6. april er teksta frå Lukas 24,13–35. Den handlar om då Jesus viser seg for Emmausvandrerane. Det er her Jesus syner seg for disipplane etter oppstandelsen og vi samtalar om kva det er som skjer i denne teksta og kva vi kan lære av den.
Søndagens tekst 1. påskedag
I Søndagens tekst på 1. påskedag les vi frå Lukas 24,1–9. I ein samtale mellom Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, snakkar vi om kva som skjer i teksta. Randi Fagerhol Lauvås les teksta.
Søndagens tekst Langfredag
Søndagens tekst for 3. april er langfredagens tekst. I samtalen har vi teke utgongspunkt i å lese Johannes 18, 17-24 og 28-30. I samtalen snakkar vi om det som skjer langfredag.
Søndagens tekst på Skjærtorsdag
Skjærtorsdagens tekst er henta frå Matteus 26,17–30 og handlar om då Jesus og disipplane delte påskemåltidet. Det er denne dagen at nattverdenen blir delt og lærer disipplane om måltidet som skal minnast han i lang tid.
Ny bok om Gunnar Hamnøy
I desse dager har den nye boka om Gunnar Hamnøy kome ut. Eit hjarte for andre slår aldri feil, er tittelen på boka, og det er sonen Per Gunnar Hamnøy som er forfattar av boka. Høyr intervjuet med Per Gunnar Hamnøy om korleis boka vart til.
Bekjennelse er ein befrielse
I godt vaksen alder har Synnøve og John Leirvik blitt frelst. John fekk eit møte med Jesus i sjukesenga og Synnøve ved kjøkkenbordet. Høyr den sterke historia om korleis dei fekk eit møte med Jesus
Frihals med nytt album
Mannsgruppa frå Flekkerøya, Frihals, har kome med nytt album. Sju av dei ti songane er eigenkomponerte og i eit intervju med Roald Arnesen får vi høyre meir om kva desse songane betyr for dei.
Påskeprogrammet på Radio Sunnmøre
Heile påska har vi godt program med fokus på påskas bodskap. Trushistorier, bibelundervisning, andakter og god kristen musikk. Her får du påskeprogrammet på Radio Sunnmøre.
Ny sokneprest i Ålesund og Volsdalen menighet
Ålesund og Volsdalen menighet har fått ny sokneprest. Olaf Kind har flytta til Sunnmøre saman med kona si, som er frå Sunnmøre, og har starta som sokneprest. Han set stor pris på både jakt og turmoglegheiter, og i ein laus prat på Radio Sunnmøre får vi bli bedre kjend med den nye soknepresten.
Restart for Ålesund Soul Children
Til hausten ynskjer Mathilde Isabell Gundursdottir Haug å starte opp igjen med Ålesund Soul Children. Ho skal til hausten flytte heim til Sunnmøre, jobbe som lærar, og er klar for å starte opp igjen eit Soul Children kor på heimebane.
Søndagens tekst 29. mars
Søndagens tekst er henta frå Johannes 12,12–24 og handler om då Jesus rei inn i Jerusalem på eit esel. Høyr teksta lest av Randi Fagerhol Lauvås. og samtala om mellom Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, og redaktør i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.
Historisk høge søkartal på Vestborg vgs
Vestborg vidaregåande skule på Stranda har historisk gode søkartal for skuleåret 2026/2027. For to år sidan hadde skulen 63 elevar, dette skuleåret 94 elevar og til hausten satser ein påk 115 elevar totalt.
For å oppnå den gleda som venta
I Kvardagspraten denne veka får vi høyre Marit Stokken Berland fortelje om påska. I eit ord til ettertanke får vi høyre frå Hebrearane og om det Jesus har gjort for oss.
Imponerte publikum med Romerbrevet utanatt
Publikum var imponerte etter bibelkurset på Blindheim bedehus onsdag 18. mars. Det var Torbjørn Øygard som fortalde Romerbrevet utanatt, og dette gjorde inntrykk på dei frammøtte.
-Eg føler det er eit KrF 2.0
-Eg føler det er eit Krf 2.0, seier Harry Valderhaug om det partiet KrF er no. Valderhaug sit på stortinget i næringskomiteen og er engasjert i både næring og det verdipolitiske arbeidet.
God Giv under RadioGiv
Det var fantastisk å merke støtta frå lyttarane då vi hadde RadioGiv på Radio Sunnmøre mandag 16. mars til onsdag 18. mars. Heile 157.800 kroner kom inn til Radio Sunnmøre. Sjekk ut lista over vinnarar og sponsorar. Takk til kvar enkelt!
På opplevingstur til Japan aleine
I vinterferien tok Elling Aarseth flypoenga fatt og satte seg på flyet til Japan heilt aleine. I eit intervju på Radio Sunnmøre delar han nokre av opplevingane han hadde på tur aleine, og i møte med nye menneske som også var på reise.
