Plateslepp og konsert på Parken Kulturhus
I Parken kulturhus blir det storkonsert 10.oktober med Adam Cliff, Christian Ingebrigtsen og Aalesund Gospelkor. Vi har tatt ein prat med Høyberg og Ingebrigtsen på Radio Sunnmøre.
Ny ungdomsarbeidar i IMF Sunnmøre
IMF Sunnmøre har tilsett ny ungdomsarbeidar i haust. Vi har tatt ein prat med Marie Gudmestad (22) frå Rogaland.
Mennesket og bioteknologien
Laurdag vert det temakveld i St.Olav kyrkje i Ålesund om Mennesket og Bioteknologilova. Vi har tatt ein prat med arrangør Ottar Myrseth.
Det er Herren som arbeider
-Det er Herren som arbeider, fortel Irene Krokeide Alnes etter nok ei møteveke i Vardø.
Fokus på Mexico
I dette programmet får du eit sterkt møte med fembarnsmora Rosario. Hennar historie illustrerer korleis det kan opplevast å vere evangelisk kristen i Mexico.
I Pottemakarens hand
Randi Fagerhol Lauvås gjev oss Ord til ettertanke denne veka. Ho tek utgangspunkt i bibelteksten i Jeremia kapittel 18 kor det står om pottemakeren som arbeider med leiren på dreieskiva si for å lage fine krukker og kar.
Bibelhelg på Frænabu Misjonssenter
Nordmøre og Romsdal Indremisjon i samarbeid med Evangelisten inviterer til bibelhelg på Frænabu 16.-19.. september. Johann Hardang og Eivind Flå er hovedtalere, og kretsleder i Nordmøre og Romsdal Indremisjon, Ole Christian Martinsen gleder seg til å kunne samlast igjen.
Ei betre historie om seksualitet og nærleik
Det finnast ei betre historie om seksualitet og nærleik, fortel Alexis Lundh - leiar for Heltfri.net i vekas mediekommentar frå Tro & Medier.
Aukande rusproblematikk i Ålesund bekymrer
-Det er ikkje slik at alarmklokkene burde ringe, men det burde stått konstant på raudt, seier Malin Strand om at ingen reagerte på hennar situasjon som barn der ho vaks opp i ein heim med rus.
Retreatsamlingar vil hjelpe å finne pauseknappen
Holmely omsorg -og retreat senter arrangerer fleire retreathelgar som kan hjelpe folk å finne pauseknappen. Høyr intervjuet med dagleg leiar Eva Langseth.
På 60+ leir på Brusdalsheimen
Denne veka er Marit Stokken Berland på 60+ leir på Brusdalsheimen, og vi får ein liten rapport i vekas kvardagsprat.
Kampen for det ufødde liv og trusfridom
KrF går til val på sosiale og kristne verdiar, og vi har tatt ein prat med stortingsrepresentant Jorunn Gleditsch Lossius og 1. kandidat for Møre & Romsdal KrF, Harry Valderhaug, på Radio Sunnmøre.
Navnet over alle navn
Per Ola Godø gjev oss Ord til ettertanke denne veka. Han er no pensjonist og har bak seg eit yrkesliv kor han har vore både brannmann og pastor.
Viktig hjelpearbeid i Ukraina
Ukrainahjelpa er ein liten organisasjon med base på Sunnmøre som driv eit stort og viktig hjelpearbeid i Ukraina. Vi har hatt besøk av leiar i Ukrainahjelpa, Kurt Andre Henriksen.
Dagar for fellesskap og misjon
Normisjon Region Møre inviterer til felleskapsdagar med fokus på Jesus og misjon i september.
Orrenes-stevnet
Søndag 22. august er det klart for det årlege stevnet på Orreneset misjonssenter. Tidlegare generalsekretær i Den Norske Israelsmisjon, Rolf Heitmann vert med som talar og det vert song av Adonai og Monica&Halvard Roaldsnes, og god tid til både mat og prat.
Sjå den eine og undervise dei mange
Hyrdehjerte på Årseth bedehus held fram torsdag 2. september. Hyrdehjerte er ei tverrkirkeleg teneste som ynskjer å "Sjå den eine og undervise dei mange".
Ny haust med nye moglegheiter
Flotte dagar på Hermon Høyfjellsenter, tur til Vardø og fleire møteveker under planlegging, er noko av det vi får høyre meir om i kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.
Østremsetra Opp
Motbakkeløpet Østremsetra Opp i regi av Ålesund Løpevenner har etterkvart vorte ein klassikar for dei som er glade i å springe lange og tunge motbakkar. Vi har snakka med Helge Åkernes i Åpne Dører om kva som skal skje søndag 22. august på Emblem.
Lansering av podkast om sjukdomen ALS
Jakta på å løyse gåta ALS starta for Gunnhild Aksnes Kristiansen i hennar eigne minner frå russetida på jenterommet heime i Ålesund. Ein heilt ny podkast om sjukdomen ALS lanserast i september.
