Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Kvardagen i Israel akkurat no

Vi har tatt ein telefon til Te`ena Ben Haim i Israel for å høyre litt om korleis kvardagen er i landet, etter nokre år med terror, krig og urolegheiter. Høyr den lengre samtalen Arild Ove Halås har med Te`ena Ben Haim.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

For så elska Gud

For så elska Gud er tittelen på Ord til ettertanke denne veka. Det er Peder Almedal som delar ord til ettertanke om alt det gode Gud har å gi. Han er i haust ny leiar i Harilastiftelsen, og vi får også høyre om det nye arbeidet han har gått inn i.

Høyr heile intervjuet med Peder Almedal og hans ord til ettertanke denne veka.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Radioaktive damer inviterer til basar

Torsdag 1. oktober blir det basar på Vigra bedehus for Radio Sunnmøre. Eli Remme og damegruppa Radioaktive damer på Vigra, inviterer til basarkveld. Elkana frå Godøya skal synge, Linda Austnes skal halde andakt, og Remme lovar skikkeleg basarstemning.

Høyr heile intervjuet med Eli Remme om basaren på Vigra bedehus torsdag 1. oktober kl. 1900.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Smålotteri tillatt igjen

Kultur- og likestillingsdepartementet har offentleggjort endringar i pengespelforskrifta. Ei endring er at små lokale radiostasjonar igjen kan arrangere smålotteri utan å måtte søke om tillatelse. 

-Dette er fantastisk for Radio Sunnmøre, seier redaktør og dagleg leiar Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Søndagens tekst 27. september

I søndagens tekst høyrer vi om Peters svigermor og andre sjuke. Teksta er henta i frå Matteus 8, 14-17 og vi samtalar om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Gla`sang på Frænabu

Tradisjonen tru blir det Gla`sang på Frænabu også denne hausten. Else Karin Jacobsen er brennande engasjert i helga, og håpar at også sunnmøringane tek turen og blir med.

Høyr Else Karin Jacobsen fortelle om programmet i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Fekk nytt mot

Denne helga var Marit Stokken Berland og Jarle Berland i Bremanger og haldt møter, saman med ein gjeng songarar. Ho fortel at ho denne helga fekk nytt mot, akkurat slik Paulus fekk i Apostelgjerningane 28, 15. 

Høyr heile kvardagspraten med Marit Stokken Berland.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Siste nytt frå Støperiet i Ålesund

Støperiet i Ålesund vart starta etter initiativ frå Joakim Solbakken for over tre år sidan. Solbakken fortel at det er ein ung gjeng som samlast til smågrupper og samlingar og finn fellesskap i alderen 20-30 åra.

Fredagar er det gudsteneste i Støperiet i Ålesund og Solbakken ynskjer endå fleire velkomne.

Høyr meir om korleis det går i Støperiet i intervjuet med Joakim Solbakken.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Ta av maskene for å elske kvarandre

Tysdag 29. september inviterer Misjonssalen Ålesund til ein temakveld med Andreas Kjøndal. Ta av maskene for å elske kvarandre er temaet for kvelden. Kjøndal er lærar ved KVS vidaregåande i Lyngdal. Andreas vil fortelle historien til "Krigerne og søstrene". Samtidig vil han fokusere på at vi er satt fri til å forandre verden, og då må vi ta av maskene slik at vi kan elske kvarandre i menighetene og utover menighetene.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Til Afrika med NSP Aid

I haustens fyrste program frå NSP Aid (North South Partnership Aid) har Per Gunnar Hamnøy med seg to elevar frå Spjelkavik vidaregåande skule i studio. Jentene skal bli med til Afrika om to veker, og fortel i intervjuet at dei har kjent til arbeidet til NSP Aid nokre år, og gler seg veldig til å kome til landet for å sjå arbeidet organisasjonen driv for å betre barn og unge sin kvardag.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Å vente på bønesvar

I Ord til ettertanke denne veka deler Andre Sætre svært personleg om ein Gud som svarer på bøn, og om ein Gud som er der i alle situasjonar. Gud svarer ikkje alltid slik vi ynskjer, men Sætre opplever at Gud har vore med i mange tøffe situasjonar. Sætre er leiar for Den Indre Sjømannsmisjon, og har sjølv måtte gå gjennom livet med motgang og tøff sjukdom på nært hald. Han fortel gjennom andaktene om konkrete situasjonar i livet der han har fått kjenne at Gud er med.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Søndagens tekst 20. september

I Søndagens tekst er evangelieteksta henta frå Johannes 11,17–29, og handlar om då Lasarus hadde vore død i fire dagar. Marta og Maria er i sorg og forstår ikkje kvifor Jesus ikkje har kome før.

Høyr heile teksta og samtalen om teksta med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

-Vi er alle menneskefiskere

Denne veka skal Irene Krokeide Alnes til Gimlekollen i Kristiansand og vere med på startskotet til ein ny aksjon. Aksjonen handlar om å hjelpe kristne til å vitne for andre med nytestamenter og hefter som er laga til utdeling. Høyr heile kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

13 + tilbod for ungdom

13+ er eit tverrfagleg team av frivillige med relevant utdanning og erfaring innan psykososial omsorg. Teamet består av sjukepleiarar, vernepleiarar, psykolog, helsefagarbeidar, prest og psykotraumatolog. Prest, John Sylte, er også med i dette teamet og fortel i eit intervju på Radio Sunnmøre om chattetenesta for ungdom 13 + som treng eit slikt tilbod.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Haustens Radiogiv

Radio Sunnmøre satsar denne hausten.

Den 14. - 20. september har vi haustens store aksjon, som vi håpar du vil støtte opp om. Vi håpar at vi kan nå eit mål på kr. 200.000,- denne veka. Og det gjer vi med di hjelp.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Misjonsalliansen på bursdagsturne

Misjonsalliansen feirer 125 år i år, og reiser på gebursdagsturne rundt om i Noreg. Onsdag 16. september kjem dei til Valderøy kyrkje, og markedskoordinator Julie Elena Skjelde fortel til Radio Sunnmøre at dei gler seg til feiringa. Lokale musikkrefter som Øss tre og Trio m/band skal bidra med musikk, og Misjonsallinansen sitt hovedkontor kjem med kake og talar.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Når livet blir vanskeleg

I Ord til ettertanke denne veka er det Lars Petter Ødegaard som delar frå Bibelen og frå eige liv, om når livet blir vanskeleg. Høyr alle ord til ettertanke og intervjuet med Lars Petter Ødegaard, krinsleiar i IMF Sunnmøre.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Drøymer om å bli radiostjerne

Daniel Lillestøl (22) drøymer om å bli radiostjerne. Han går tredje året på tilrettelagtlinja på Sjøholt folkehøgskule, og har vore i Radio Sunnmøre for å teste ut yrket. Han er glad i musikk og vil synge I Heard it on the radio til lyttarane.

Andreas Himmelskip Jakobsen (t.v.), musikklærar ved Sjøholt folkehøgskule, kom på ideen om å la Lillestøl få prøve seg i Radio Sunnmøre. Vi får også høyre litt om korleis oppstarten ved skulen har vore dette året.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Søndagens tekst 13. september

Søndagens tekst er henta frå teksta Markus 7, 31-37 og handlar om den døve som hadde vondt for å tale. I Søndagens tekst tek vi ein prat med Karl Johan Bjørge, prost i Nordre Sunnmøre prosti, om innhaldet i teksta. Det er Randi Fagerhol Lauvås som les teksta.

Les mer
Ragnhild Kristine Vartdal Espelund Ragnhild Kristine Vartdal Espelund

Løvemammaene på Sunnmøre

Onsdag 16. september inviterer Løvemammaene Midt foreldre på tur & terapi i Ålesund. Turen er heilt lavterskel og ein må ikkje vere trent for å delta, men turen er utan born.

Radio Sunnmøre fekk besøk av to engasjerte løvemammaer, Monica Farstad og Hanne Waage Borgund, som begge har born med ulike hjelpebehov. Dei kom inn i styret i Midt for nokre år sidan, og fortel at det er ein møtestad for foreldre og familier med like utfordringar i kvardagen. Treffpunkta er ein stad å dele både gleder og sorger. Og i tillegg få god støtte og hjelp til ulike utfordringar.

Les mer